Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1293 (2024-2025)
Innlevert: 18.02.2025
Sendt: 18.02.2025
Besvart: 24.02.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare om førarane av dei omtalte leddbussane i til dømes Oslo, faktisk har av førarkort for så lange køyretøy med hengar, buss med hengar som desse leddbussane faktisk har?

Begrunnelse

Mange av bussane i Oslo området er to bussar kobla i hop til lange køyretøy som egentlig ikkje akkurat er berekna for køyring i trange byområder.
Når ein ser på køyreferdigheitene til dei som køyrer desse lange bussane, er det åpenbart at fleire av dei ikkje akkurat bærer preg av at dei har gjennomgått opplæring med køyring med lange køyretøy med hengar som desse bussane faktisk har i praksis.
Har sjølv opplevd å få ein slik doning rett inn i sida på min bil, der føraren av bussen, "gløymde" at der hang på ein hengar/ekstra buss.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Leddbussar er definert i køyretøyforskrifta § 8-1 nr. 2 som køyretøy som består av to eller fleire stive seksjonar som er kopla til kvarandre med eit ledd, og der passasjerromma står i samband med kvarandre slik at passasjerane fritt kan bevege seg mellom dei. Dei stive seksjonane er permanent bundne til kvarandre og kan berre skiljast ved hjelp av utstyr som normalt berre finst på eit verkstad.
Køyretøyet er følgjeleg ikkje definert som ein buss med tilhengar. For leddbussar er det i Noreg eit krav om førerett for buss (klasse D) etter førarkortforskrifta § 3-9.
Noreg er forplikta til å følgje dei krava til førarkort som følgjer av tredje førarkortdirektiv (direktiv 2006/126/EF). Dette direktivet seier at førerett i klasse D omfattar køyretøy som kan frakte meir enn åtte passasjerar i tillegg til føraren, og at ein kan ha ein tilhengar med ei maksimal tillaten totalvekt på 750 kg. Direktivet inneheld også krav til opplæring og prøver, men nemner ikkje leddbussar eksplisitt. Direktivet legg vekt på krav til kjennskap om sjølve køyringa med buss, tryggleik og kompetanse for å sikre trygg persontransport.
EU-retten stiller også krav til dimensjonar og teknisk tilstand på leddbussar, som til dømes avgrensingar i lengde. Desse reglane sikrar at leddbussar opererer trygt og effektivt innanfor EU og i Noreg. Krava for å føre ei motorvogn, blant anna leddbuss, avheng av kva køyretøykategori motorvogna er registrert som. Informasjon om køyretøyet, som tillaten totalvekt, står i vognkortet. Denne informasjonen er basert på data frå produsenten og er kontrollert og godkjend av Statens vegvesen i samsvar med reglane i køyretøyforskrifta.
For å erverve førerett i klasse D, må vedkommande vere minst 24 år, med unntak av personar som har tatt yrkessjåførutdanning i vidaregåande skule. Vedkommande må minimum ha førerett i klasse B, ha godkjend helseattest, gjennomført opplæring og bestått førarprøve. I tillegg må vedkommande ha yrkessjåførkompetanse og køyresetel dersom denne skal transportere passasjerar mot betaling. Desse krava sikrar at sjåføren av leddbussen har nødvendig kompetanse og helse til å utføre jobben trygt.
Den som har førerett i klasse D kan altså føre ein buss som er godkjend for fleire enn åtte passasjerar, og bussen kan vere over 8 meter lang. Føreretten inneber også at vedkommande kan føre leddbuss. Krav om klasse D for å føre leddbuss vart innført i 1996.
Vidare følgjer det av arbeidsmiljølova at vedkommande må ha nødvendig kompetanse til å utføre arbeidet sitt. For bussjåførar gjennomfører arbeidsgivar/selskapet i stor grad internopplæring for sjåførane sine, og dessutan sikrar ein at desse held kompetansen ved like gjennom oppfriskingskurs og etterutdanning.