Liv Kari Eskeland (H): Kan vi be statsråden gjera greie for korleis ein anslår trafikken vil fordele seg når Lærdalstunnelen blir nattestengt i 2026, samt gjera greie for kva ekstra beredskapstiltak som vert sett i verk på desse vegstrekningane, både med omsyn til brøyting, vedlikehald og trafikksikring både i forkant og medan vegen er stengt?
Begrunnelse
Lærdalstunellen blir nattestengt grunna tunneloppgradering frå sommaren 2026, og trafikken som naturleg ville gått på E16 vil finne andre ruter; Fv 50, Rv 7 og E134 er alternative omkjøyringsvegar. Det vil difor vera trong for forsterka beredskap, vedlikehald og brøyting på desse vegstrekningane når store delar av tungtrafikken må finne alternative kjøreruter til E16.