Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1279 (2024-2025)
Innlevert: 16.02.2025
Sendt: 17.02.2025
Besvart: 26.02.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva gjer Norge for å bidra til å legge press på Iranske styresmakter for å få betre situasjonen for kurdiske politiske fangar i Iranske fengsel, og har Norge teke initiativ åleine eller saman med andre land for få reversert dødsdommane og få frigitt dei to kvinnelige frontfigurane i «kvinne, liv, frihet- revolusjonen»?

Begrunnelse

Etter Assads fall er eit nytt sunni-dominert styre under konsolidering i Syria. Samtidig melder FNs Monitoring and Information Center (MIC) om stadige terrorangrep frå IS og ISIL mot kurdarane i dei kurdiske områda i Nord aust Syria , og i Iran strammar styresmaktene grepet om kurdiske politisk opposisjonelle i landet.
16. januar hadde eg eit møte med representantar frå den kurdiske politiske opposisjonen frå Iran i Norge. Delegasjonen på overleverte eit brev underskrive av ti ulike kurdiske parti som står saman i kampen for menneskerettar og mot politisk forfylgjing av politiske aktivistar i dei kurdiske områda. Delegasjonen var særleg urolege for den systematiske og stadig verre undertrykkinga og forfylgjinga av mellom anna kvinnelige politiske aktivistar som er fengsla i Iran. Ved å fengsle, torturere og dømme kvinner som stod i front under» kvinne, liv, fridoms- revolusjonen i Iran, prøver regimet å kvele den kurdiske fridomskampen, der kvinner spelar ei sentral rolle.
Amnesty International skreiv nyleg dette om saka til Pakhshan Azizi:

«Den humanitære arbeideren og menneskerettighetsforkjemperen Pakhshan Azizi, fra Irans undertrykte kurdiske minoritet, står i fare for å bli henrettet. Den 5. februar ble hennes advokater varslet om at avdeling ni i Høyesterett avviste anmodningen hennes om domstolsprøving. I juli 2024 dømte en revolusjonsdomstol henne til døden etter en grovt urettferdig rettssak utelukkende i forhold til hennes fredelige humanitære og menneskerettighetsaktiviteter. I januar 2025 opprettholdt Høyesterett dommen. Hennes påstander om tortur og annen mishandling ble aldri etterforsket.»

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Menneskerettssituasjonen i Iran er alvorleg. Det er mange modige kvinner og menn i Iran som legg ned stor innsats for å fremja menneskerettar og fridom for alle, sjølv om deira arbeid kan få alvorlege konsekvensar. Eg deler bekymringa til representanten over Irans undertrykking og fengsling av menneskerettsforkjemparar i Iran. Eg er også djupt uroa for den alarmerande auken i bruk av dødsstraff. Noreg tek avstand frå bruk av dødsstraff i alle samanhengar.
Iran er svært godt kjend med norske posisjonar. Noregs synspunkt på menneskerettssituasjonen i Iran blir formidla til iranske styresmakter, både direkte og gjennom multilaterale forum. I samband med den periodiske landsgjennomgangen (Universal Periodic Review) av Iran i Menneskerettsrådet i januar 2025, tilrådde Noreg Iran mellom anna å avskaffa dødsstraff, og dessutan at trugslar mot og vilkårleg fengsling av menneskerettsforsvararar stansar. Noreg tilrådde også at Iran sikrar rettane til fengsla. Også i Noregs innlegg om menneskerettssituasjonen i Iran i 3. komité i FNs generalforsamling 1. november 2024 tok Noreg opp vår bekymring for situasjonen som kvinnelege menneskerettsforsvararar står overfor i Iran. Bruken av dødsstraff blir også teken opp med Iran på høgaste nivå, som under samtalen mellom statsministeren og president Pezeshkian under FNs høgnivåveke i New York i september 2024. Spørsmålet er teke opp i ei rekkje samtalar med iranske styresmakter sidan dette.
Noreg har regelbunden kontakt med sivilsamfunn og menneskerettsorganisasjonar om menneskerettssituasjonen i Iran, og me følgjer situasjonen for menneskerettsforsvararar tett. Noreg er også i jamleg dialog med likesinna land om korleis me best kan øve press på iranske styresmakter for at dei skal leva opp til dei internasjonale menneskerettsforpliktingane sine, også om enkeltsaker. I møta våre med iranske styresmakter held me fast på den klare forventninga vår om at Iran sikrar etterlevinga av dei internasjonale menneskerettsforpliktingane sine. Me vil halda fram med å bruka dei kanalane me har til å formidla dette.