Skriftlig spørsmål fra Lisa Marie Ness Klungland (Sp) til energiministeren

Dokument nr. 15:1273 (2024-2025)
Innlevert: 15.02.2025
Sendt: 17.02.2025
Besvart: 20.02.2025 av energiminister Terje Aasland

Lisa Marie Ness Klungland (Sp)

Spørsmål

Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Kvifor er tildelingsbrevet til NVE for 2025 ennå ikkje sendt ut, til trass for at det vanlegvis føreligg innan slutten av januar?

Begrunnelse

Tildelingsbrevet er eit viktig styringsverktøy som gir NVE rammar og prioriteringar for deira arbeid gjennom året. Ei forseinking i dette brevet kan skapa usikkerheit om prioriteringar og økonomiske disposisjonar. Historisk sett har dette brevet kome i slutten av januar, og det er difor naturleg å spørra om årsaka til forseinkingane og når det kan bli forventa utsendt. Gjeve NVE si sentrale rolle i energiforvaltninga, er det viktig at dei får naudsynte styringssignal i tide for å sikra effektiv gjennomføring av sine oppgåver.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Tildelingsbrevet til NVE for 2025 ble sendt i brev av 5. februar 2025.