Ingrid Fiskaa (SV): Står Kunnskapssektorens tenesteleverandør Sikt fritt til å gjera innkjøp frå selskap som medverkar til brot på folkeretten, eller meiner statsråden at dei skal unngå slike selskap når dei nå skal inngå nye avtalar for innkjøp av datautstyr og biblioteksystem?
Begrunnelse
Eg viser til svar på tidlegare spørsmål, der den førre statsråden seier at han «legg til grunn at Sikt som ei statleg verksemd etterlever dei reglar og anbefalingar som gjeld for offentlege innkjøp.»
Dette er lite klargjerande sett opp mot det Sikt sjølv uttaler 28. oktober 2024, der det heiter «Som statlig aktør forholder Sikt seg til de signaler og pålegg som kommer fra regjeringen og kan ikke diskriminere leverandører på eget initiativ.» I dette svaret framstår det som at Sikt meiner at det ikkje føreligg reglar og råd frå regjeringa som hindrar dei i å inngå avtalar med selskap som bidrar til Israels folkerettsbrot.
Eit regjeringsutnemnt utval peika i NOU 2024: 9 på at retningslinjer for offentlege innkjøp og folkerettsbrot er uklåre (boks 9.5, side 168). Fleire høyringsinnspel frå august i fjor, mellom anna frå fem store universitet, ytra også ønskje om klargjering.
Sikt skal straks inngå avtalar om biblioteksystem og IT-utstyr. Det hastar derfor med ei klargjering frå regjeringa om at selskap som medverkar til grove folkerettsbrot ikkje eignar seg som leverandør til norsk kunnskapssektor, då nettopp slike selskap blir vurdert.