Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden endra rundskrivet til opplæringsforskrifta, slik at det går klart fram at deltaking i ungdomsråd ikkje skal førast som fråvær?
Begrunnelse
Ungdomsråda er ein viktig og lovpålagt del av lokaldemokratiet. Det er avgjerande å sikre god rekruttering til ungdomsråda. Eg er gjort kjent med at deltaking i ungdomsråd kan førast som fråvær, og at dette også blir praktisert i einskilde kommunar. Sjølv blei eg gjort merksam på denne praksisen av ungdomsrådet i Kvam Herad. Der førte deltaking i elevråd ikkje til fråvær, men deltaking i ungdomsråd blei ført som fråvær . Det kan godt hende at saka løyser seg i Kvam herad, men det er slik eg forstår det opp til kvar einskild skuleeigar rundt om i landet å finne ut av korleis fråvær på grunn av deltaking i ungdomsråd skal førast. Eg meiner at dette ikkje er akseptabelt . Eg er og bekymra for kva dette vil gjere med rekrutteringa til ungdomsråda. Difor må dette presiserast tydeleg frå nasjonalt hald, slik at det blir lik praksis alle stader . Ungdom som engasjerer seg i demokratiet bør få ein garanti for at dei ikkje blir straffa med merking av fråvær på vitnemål.