Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1181 (2024-2025)
Innlevert: 11.02.2025
Sendt: 11.02.2025
Besvart: 14.02.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva har samferdselsministeren tenkt å gjere med resultatet av si eiga regjering innan samferdsel, der regjeringa sin NTP var 24 pst. lavare enn den som vart lagt fram i 2021, og der det har rådet kø og kaos både på veg og jernbane, og har samferdselsministeren tenkt å snart gjere noko fornuftige og varige grep, slik som å åpne opp kollektivfelta på E-18 og dermed få slutt på kø og kaoset der?

Begrunnelse

Kø og kaos råder fortsatt spesielt på E-18, men også på E-6 der ein rapport slår fast at kjøremønsteret til folk flest ikkje har endret seg sjølv om regjeringen stengte kollektivfeltene.
Folk bruker betydeleg meir tid på å stå i kø, noko som kostar samfunnet dyrt i ei tid det jammen er dyrt nok frå før.
Mykje ståhei i media ikring ei ny rein AP-regjering har vore den siste tida, samt ikring ein finansminister som liksom skulle "redde eit eller anna" . Kva den nye finansministeren skulle rydde opp i kan ein undrast over, men det er i vertfall ikkje AP-regjeringa sin politikk innan samferdsel. Den ligg nemlig bom fast i eit vedteke statsbudsjett, der fortsatt kø og kaos tydelegvis fortsatt skal råder i samferdselspolitikken.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har eit overordna mål for transportpolitikken om «Eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i heile landet i 2050». Satsinga i transportsektoren har over tid gitt kortare reisetider på veg og jernbane, fleire togavgangar og ei positiv byutvikling med betre kollektivtilbod og gang- og sykkelvegar. Transporttilbodet i distrikta er blitt meir attraktivt m.a. gjennom lågare priser på ferjer og regionale flyruter og gratis ferjer.
For å nå dei transportpolitiske måla har regjeringa i Nasjonal transportplan 2025–2036 lagt til grunn ei statleg ramme på 1 208 mrd. 2024-kr for heile perioden. I tillegg er det lagt til grunn 100 mrd. 2024-kr i bompengar. Den statlege ramma er om lag lik som i Nasjonal transportplan 2022–2033, når ein samanliknar med statsbudsjettets prisomrekningsfaktorar.
Regjeringa vil føre ein ansvarleg transportpolitikk og prioriterer drift, vedlikehald og utbetringar. Dette skal sørge for at infrastrukturen på veg og jernbane blir tryggare og meir driftssikker, og at vi får eit meir føreseieleg togtilbod. Samstundes vil regjeringa fortsette å byggje ny infrastruktur, men vi vil snu ei utvikling der vegar, bruer, signalanlegg og annan kritisk transportinfrastruktur ikkje blir vedlikehaldne i takt med behovet.
I mai i fjor blei det innført eit mellombels forbod for el-bilar i kollektivfelt på riks- og europavegane i Oslo og Akershus i samband med stenginga av Ring 1. Hovudføremålet med ombygginga av Ring 1 er å ta hand om tryggleiken i nytt regjeringskvartal. Som følgje av at Ring 1 er stengt har det vore heilt naudsynt å minske privatbiltrafikken inn mot Oslo sentrum. Operatunnelen – som er hovudomkøyring under stenginga – var allereie før stenginga belasta på kapasitetsgrensa. Kø i Operatunnelen vil auke risikoen for ulukker med potensielt store konsekvensar for liv og helse, og kan skape utfordringar med framkome for naudetatane ved alvorlege hendingar i tunnelen. Alle forslag om å opne ytterlegare, til dømes å opne for ulike typar el-bilar i kollektivfelta, vil kunne føre til auka køproblem eller fare for liv og helse, noko som igjen vil gjere det naudsynt å innføre restriktive tiltak for å få ein føremålstenleg trafikkavvikling. Statens vegvesen frarår sterkt at det blir opna for tiltak som kan føre til meir biltrafikk inn til Oslo sentrum. Som samferdselsminister er eg oppteken av å lytte til fagstyresmaktene, og det ville vore uansvarleg av meg i den situasjonen vi no står i, å opne kollektivfelta i vestkorridoren på ein slik måte at trafikken i Operatunnelen aukar ytterlegare.