Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1168 (2024-2025)
Innlevert: 10.02.2025
Sendt: 10.02.2025
Besvart: 14.02.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil statsråden ta grep for å korta ned byggetida for Rødsliane-tunnelen, i staden for å la ytterlegare forseinkingar fortsetta å driva opp kostnadene med bygging?

Begrunnelse

Stortinget vedtok bygging av tunnel på Rv 13 Lovraeidet-Rødsliane i Suldal i desember 2021, etter gjennomslag for SV i budsjettforliket med regjeringa. Ein ferdig behandla reguleringsplan låg til grunn for vedtaket.
I mars 2022 vitja samferdselsministeren Rødsliane, og sa då at ein måtte sjå på ein billegare måte å byggja tunnelen.
Nesten eit år seinare, 8. februar 2023, kom Statens vegvesen med eit nytt forslag: ein kortare tunnel med 6,5 % stigning. På den måten skulle ein koma under 1 milliard kroner for bygginga. Den opphavlege, lengre tunnelen, ville truleg kosta 1,1 milliard kroner. Den nye løysinga vart sendt på høyring, og det kom mange innvendingar mot ein så kort og bratt tunnel. Statens vegvesen kom då med eit nytt forslag til løysing med 5 % stigning.
Suldal kommunestyre vedtok reguleringsplan for ein kort tunnel 21. juni 2023. Det var ingen jubel for den korte tunnelen, men kommunestyret ville ikkje risikera at prosessen skulle dra ut meir i tid.
I mai 2024 vedtok Stortinget kostnadsramme for tunnelbygginga. Prislappen hadde då passert 1,5 milliardar kroner.
På eit folkemøte i mars 2024 førespegla Statens vegvesen at tunnelen ville stå ferdig i 2028. Men i desember same år sa dei at opninga først vil skje i 2030.
Folk i Suldal har allereie venta svært lenge på ein trygg veg, og bør sleppa å venta heilt til 2030. Den langdryge prosessen har ikkje ført til reduserte kostnader, men tvert imot auka dei. Hadde bygginga starta med utgangspunkt i planane som låg på bordet i 2021, ville me fått ein meir trafikksikker tunnel som sto ferdig tidlegare – truleg også til ein billegare penge.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I førebuingane til prosjektstart for rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane blei det gjort ei overordna vurdering knytt til prosjektets framdriftsplan. Etter at Stortinget slutta seg til forslag om styrings- og kostnadsramme gjennom behandlinga av Prop. 88 S (2023–2024), jf. Innst. 333 S (2023–2024), har Statens vegvesen arbeidd vidare med å utvikle og planleggje gjennomføringa av prosjektet. I den samanhengen har den overordna framdriftsplanen blitt erstatta av ein meir detaljert framdriftsplan.
Statens vegvesen opplyser at gjennomføringsplanen for prosjektet inkluderer rom for uforutsette forhold. Prosjektorganisasjonen har forhåpningar om at tilbodsprosess og endeleg signering med entreprenør vil kunne medføre endringar i framdriftsplanen og redusert byggetid for prosjektet.
I den første framdriftsplanen var det lagt til grunn ein byggetid på om lag 3,5 år. No er det lagt til grunn ein byggetid på om lag 4,5 år, som mellom anna inkluderer om lag ¾ år til sluttføring og nødvendig testing og sikkerheitsgodkjenning.
Statens vegvesens ambisjon er at det vil bli inngått kontrakt i slutten av juni 2025 og at entreprenøren bruker hausten til prosjektering/rigging og førebuande arbeid. Det er venta at anleggsarbeida (tunneldriving) vil kunne starte rundt årsskiftet 2025/26. Det er likevel fleire usikkerheitsfaktorar som kan påverke denne planen.
Eg er trygg på at Statens vegvesen nyttar sin erfaring og kompetanse til å finne ein best mogleg balanse mellom ulike omsyn i prosjektgjennomføringa, med fokus på prosjektets byggetid og framdrift.