Kjersti Toppe (Sp): Kva er regjeringa sine planar for oppretting av eit eige sikkerheitspsykiatrisk tilbod for born, når vil det bli realisert og vil Helse Bergen bli vurdert som eigna plass?
Begrunnelse
Viser til NOU 2023:34 og forslag om å etablere eit eige sikkerheitspsykiatrisk tilbod for born under 18 år med mistanke om eller konstatert alvorleg psykisk sjukdom og voldsåtferd. Også dei regionale helseføretaka har tilrådd dette i si utgreiing om sikkerheitspsykiatrien. Dei regionale helseføretaka fekk også oppdrag i 2024 om å vurdere innrettinga av det sikkerheitspsykiatriske tilbodet til barn under 18 år.