Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Kva gjer statsråden for å sikra kapasitet nok til at folk får moglegheit til greia ut om dei har ADHD, og slik kan få hjelp til å handtera symptoma ( Ønsker ei oversikt over talet på henvisningar, utgreiingar og behandlingsoppstart sidan 2019)?
Begrunnelse
Me har sett ei auke i henvisningar til utgreiing av ADHD-diagnose. Spesielt ser me dette hos unge jenter, der tal frå FHI seier at det har vore ei dobling blant unge kvinner mellom 16 og 24 år. Heidi Aase, avdelingsdirektør i avdeling for barns helse og utvikling ved Folkehelseinstituttet, uttalar at dette mogleg er fordi jenter og unge kvinner har gått «under radaren» fordi dei ikkje har like symptom som menn. Det kan bety at det er fleire eldre kvinner der ute som aldri har blitt diagnostisert, og som har hatt utfordringar i livet sitt som dei ikkje har fått hjelp til.