Birgit Oline Kjerstad (SV): I svar til meg 7. oktober 2024 opplyser dåverande justis- og beredskapsministeren at KDI/PODs tilleggsutgreiing til utgreiinga om flytting av driftsansvaret for Trandum skal offentleggjerast. I årsmeldingen fra Tilsynsrådet for utlendingsinternatet og tvangsreturer for 2024 kjem det imidlertid fram at rådet i haust fekk avslag på si innsynsbegjæring, og at avslaget er påklaga til Regjeringa.
Når kan det ventast at denne klagen vert handsama i regjeringa?
Begrunnelse
Det har lenge vore planlagt at drifta ved Trandum Interneringsleir skal overførast frå Politiet til kriminalomsorga. I samband med dette vart det først laga ein rapport om korleis dette skulle skje, og deretter bestilt ei tilleggsutgreiing som skulle vere ferdig 1. juli 2024. Eg viser til svar på spørsmål nr. 15:2959 (2023 2024) om saka, der dåverande Justis og Beredskapsminister Emilie Mehl opplyste at fristen for å levere tilleggsrapporten var utvida til 20. august 2024, at tilleggsrapporten var levert, og at denne låg til vurdering i departementet. Ho svara at ei avklaring om driftsansvaret ved utlendingsinternatet skulle gjerast så snart som mogleg, og at tilleggsrapporten skulle gjerast offentleg.