Birgit Oline Kjerstad (SV): Utlendingforskrifta § 16-4 andre ledd seier at som ein hovudregel skal minste ei representativ sak prøvast i stornemnd når forvaltningspraksismed retur er i strid med FNs høykommisær for flyktninger(UNCHR) sine råd.
På bakgrunn av ein ny rapport om tilstanden i Etiopia spør eg igjen om statsråden, dersom UNE ikkje sjølv tek initiativ til å prøve ei eller fleire saker, vil instruere om ei slik prøving?
Begrunnelse
Etter lova kan ikkje statsråden gripe inn i einkildsaker, men etter utlendingeforskrifta §16-4 skal ei eller fleire representative saker prøvast for stornemnd dersom det er snakk om retur til land som UNHCR advarer mot retur til.
Eg viser til mitt spørmål nr. 15:1746 (2023-2024) stilt til tidlegare Justis og beredskapsminister i april 2024, og mitt spørsmål nr.977 (2024-2025) stilt i januar 2025 . På det siste spørmålet svarer statsråden:
"Jeg har tillit til at UDI og UNE foretar forsvarlige vurderinger i sakene de har til behandling i tråd med norsk regelverk og våre internasjonale forpliktelser, herunder at ingen returneres i strid med «non refoulement»-prinsippet i flyktningkonvensjonen.»
Tilsynsrådet sin skarpe kritikk av praksisen ved Trandum, understreker at vernet mot «non refoulement» kan vere brote ved at den aktuelle praksisen der mennesker på flukt og under friheitsberøvelse risikerer å bli sett i direkte kontakt med det regimet dei flykta ifrå, tilrettelagt av PU ved Trandum.
Ein heilt ny rapport utarbeida av professor Terje Østebø ved Center for African Studies and the Department of religion i California, skildrar den menneskerettslege tilstanden i Oromia, den største Etiopiske regionen både i folketal og geografi, som svært krevjande og at ingen er trygge der under dei politiske forholda med den stadig meir autoritære leiaren Abiy Ahmed som kom til makta i 2018 og dei mange opprørarane.
«Brot på menneskerettane er gjennomgåande i Oromia. Dette rammer sivile som blir fanga i krysselden mellom regjeringsstyrkar og opprørarar. Tilfeldige arrestasjonar, kidnappinger, avretting utan rettergang og tortur foregår over alt. Eit uoffisielt sikkerheitsapparat opererer parallelt med dei offisielle institusjonane, og grasrotorganisasjonar plagar og trakasserer folk stadig og bidreg til ein kultur av frykt og uforutsigbarheit i landet»
Den menneskerettslege situasjone har ikkje vorte bedre etter at UNHCR kom med sine advarslar mot retur til landet i 2022. På bakgrunn av dette reagerer både Tilsynsrådet, støttegrupper og vener av internertesterkt på korleis det i det heile er mogleg for Norske styresmakter å late som om tvangsretur til Etiopia er trygt under dei rådande forholda i landet.