Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1013 (2024-2025)
Innlevert: 30.01.2025
Sendt: 31.01.2025
Til behandling

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Korleis kan det ha seg at det under denne regjeringa har vore ei auke i studieavgifta ved Fagskolen i Rogaland, då det i regjeringsplattforma er eit uttalt mål at eigenbetalinga skal reduserast, og betyr dette at regjeringa har gitt opp dette målet (Ber også om oversikt over studentbetaling ved dei andre fagskulane som viser utviklinga dei siste 10 åra)?

Begrunnelse

I regjeringsplattforma står det: «Fagskulane skal gi høgare yrkesfagleg utdanning av høg kvalitet og vere eit likeverdig yrkesfagleg alternativ til universitets- og høgskuleutdanning». Det står også at regjeringa vil styrkja finansieringa og syta for at eigenbetalinga kan reduserast.
Nå viser det seg derimot at Fagskolen i Rogaland har sett seg naude til å auka studieavgifta for elevar. Med unntak av nokre tekniske utdanningar var studieavgifta tidlegare 350 kroner per student. Nå har denne auka for til 2 500 kroner for helse- og oppvekstfaglege utdanningar og administrative utdaningar. For dei tekniske utdanningane er prislappen nå 3 500 kroner per student per studieår. Til samanlikning betalar studentar ved Universitetet i Oslo er semesteravgifta 690 kroner, medan den ved Universitetet i Stavanger er 590 kroner per semester (ekskludert Kopinoravgift på 250 kroner og avgift for undervisningsmateriell på 20 kroner).
Arbeidskraftsbehovet i framtida tilseier at me treng fleire som vel høgare yrkesfagleg utdanning. Då kan ikkje økonomi vera ein barriere som held folk utanfor. Mange studentar ved fagskular er vaksne folk med familiære pliktar. Desse skal også få livet til å gå rundt.
Fagskolen i Rogaland reknar meiner seg underfinansiert, og manglar i overkant av 22 millionar kroner i økonomiperioden frå 2025 til 2028. For inneverande år er det budsjettert med fem millionar kroner i studentbetaling, fordelt på dei om lag 2 000 studentane dei hadde ved oktobertellinga i 2024.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig