Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1005 (2024-2025)
Innlevert: 29.01.2025
Sendt: 30.01.2025
Besvart: 05.02.2025 av utviklingsminister Åsmund Aukrust

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis vil statsråden sikra at Noreg framleis gjer seg mest mogleg nytte av dei største lokalt forankra globale humanitære kontaktflatene gjennom dei strategiske humanitære partnerskapa med norske organisasjonar?

Begrunnelse

I ein situasjon med auka globale humanitære behov, eit stadig større finansieringsgap og større geopolitiske spenningar, inngår Noreg i desse dagar nye strategiske humanitære partnarskap med norske organisasjonar. Forvaltninga av ordninga har blitt flytta frå UD til Norad, men i tråd med Noregs humanitære strategi skal ordninga «vidareførast» som eit sentralt verkemiddel for å nå dei humanitærpolitiske målsettingane og prioriteringane våre.
Den nye Trump-administrasjonen gjer rammene både for utanrikspolitikken og utviklingspolitikken meir uføreseielege. I denne situasjonen er Noreg tent med å ha mange kontaktflater, også i ulike globale, humanitære nettverk der strategiske partnarar kan fremma norske humanitærpolitiske prioriteringar.
Samtidig er den globale humanitære situasjonen meir krevjande enn på lenge, med aukande behov og mindre pengar tilgjengeleg, og dermed eit veksande finansieringsgap. Som den norske humanitære strategien slår fast, tilseier denne situasjonen auka vekt på kostnadseffektivitet, også gjennom auka lokalt leia humanitær innsats.

Åsmund Aukrust (A)

Svar

Åsmund Aukrust: Noreg sin humanitære strategi legg stor vekt på partnarskap og lokale aktørar. Noreg vel partnarar som arbeider i tråd med dei humanitære prinsippa og internasjonalt etablerte standardar for humanitært arbeid. Lokale aktørar har kunnskap om situasjonen og god tilgang til dei som er råka, og er ofte dei første som kan respondere når ei krise oppstår. På den andre sida er det administrativt krevjande for ein gjevar å ha avtalar med lokale aktørar. I tillegg kan det i nokre tilfelle vere slik at den lokale forankringa, sosialt og politisk, kan gjere det uvisst om det er mogleg for ein aktør å arbeide i tråd med dei humanitære prinsippa. Noreg har forplikta seg til å fremje meir lokalt leia respons. Mellom anna legg vi vekt på likeverdige partnarskap der lokale organisasjonar har reell innverknad på planlegging og gjennomføring av humanitær innsats. Vi vurderer òg tiltak for å støtte lokale organisasjonar meir direkte, men treng meir kunnskap. I år har vi difor satt av opptil 60 mill. kroner til ein pilot for å lyse ut midlar for å styrke norsk støtte til lokale humanitære organisasjonar i utvalde landsituasjonar.
Utanriksdepartementet gav våren 2024 Norad i oppdrag å lyse ut og tildele strategiske humanitære partnarskap for perioden 2025 – 2029. Norad har behandla til saman 13 søknadar, og fem organisasjonar har blitt tilbydd partnarskapsavtalar.
Kriteria i utlysinga viste til Noregs humanitære strategi, og organisasjonane blei mellom anna vurdert utifrå korleis dei vil bidra til måla og «regjeringa vil»-punkta i strategien. Styrking av lokalt leia respons var nemnt i utlysinga, og er ein viktig del av vår humanitære strategi. Våre strategiske partnarar er sentrale for å nå måla i strategien, òg det som gjeld lokalt leia respons.