Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1002 (2024-2025)
Innlevert: 29.01.2025
Sendt: 30.01.2025
Til behandling

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Kva er staten sitt ansvar for beredskapen ved sjuketransport, gjelder dette ansvaret kun for eigne fartøy, eller gjeld det også der ein nyttar fylkeskommunale tilbod som ferjer, kva ansvar tek staten for lokalsamfunn som ikkje kan stole på at ferja går på morgonen når det har vore beredskapsturar på natt, og kvifor er det ikkje felles reglar for dette for dei ulike helseføretaka?

Begrunnelse

I Vestland fylkr er det store utfordringar med ferjetilbodet etter at Sjøfartsdirktoratet stramma inn tilgangen til å gi dispensasjon for kviletidsbestemmelsane for ferjemannskap.
Dei ferjene som er beredskapsferjer, og som vert nytta til sjuketransport på natt, vil følgjeleg ikkje gå første (eller dei første) turane neste morgon. For lokalsamfunn som er heilt avhengige av ferjer, så er jo dette ei vegstenging. Og ei vegstenging som er heilt vilkårleg og ikkje føreseieleg. Det gjer at folk ikkje kjem seg på skule, på arbeid eller kan nå andre avtalar som lege, tannlege eller andre ting. Dette er også krevjande for næringslivet og transport av varer og tjenester. Sjølvsagt skaper dette stor misnøye og gjer livet på øyer og elles i eit ferjefylke svært lite attraktivt for både folk og næringsliv.
No verkar det i tillegg som om dei ulike helseføretaka har ulik tilnærming til dette. Ordførar i Askvoll opplyser at de ifrå 1.mai 2025 kjem til å slutte å bruke ferja til Atløy som beredskapsferje, og bruke helikopter eller ambulansebåt. Dette gjer dei for å spare pengar. Noko som må bety at beredskapet påambulansebåtane og helikopter kan bli svekka andre stader. Det er Helse Førde som har utgiftene til beredskapsferje og ikkje fylket. Og med å innrømme det ansvaret, så seier ein også at manglande ferjetilbod på morgonen pga beredskapsturar om natta er staten sitt ansvar og ikkje fylket sitt.
Helse Bergen og Helse Fonna følgjer ein anna praksis der alle ekstrautgifter og ulemper kjem på Vestland fylke.
Helse Førde sin praksis samsvarar med det Vestland fylke hevdar, og i sak 125/22 gjorde fylkesutvalet følgjande vedtak:

«1. Vestland fylkeskommune har ikkje ansvar for å etablere og betale for medisinsk beredskap på ferje, hurtig- og lokalbåtsamband.
2. Vestland fylkeskommune/Skyss kan stille krav om beredskap i fylkeskommunale ferje og båtsamband slik at helseføretak/kommunar som har ansvar kan betale kostnaden med slik beredskap.
3. Kostnadane med beredskap i eksisterande fylkesvegferjekontrakter vert overført til helseføretak/kommune eller avbestilt dersom helseføretak/kommune ikkje ønskjer å betale. Det er viktig med god dialog med de aktuelle partane før kostnadane vert overført.»

Ulik praksis i ulike foretak skaper ulikt tilbud.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig