Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:996 (2024-2025)
Innlevert: 29.01.2025
Sendt: 29.01.2025
Besvart: 31.01.2025 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Er finansministeren einig i at Noregs Bank gjennom forvaltningsmandatet og uavhengig av Etikkrådets tilrådingar er forplikta til å ta omsyn til FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar og OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap, herunder kravet til skjerpa aktsemdsvurderingar i konfliktområde?

Begrunnelse

Ifølge Oljefondets mandat skal fondet forvaltast etter "hensynene til god selskapsstyring, miljø og samfunnsmessige forhold i forvaltningen i tråd med internasjonalt anerkjente prinsipper og standarder som FNs Global Compact, FNs veiledende prinsipper for næringsliv og menneskerettigheter (UNGP), G20/OECDs retningslinjer for selskapsstyring og OECDs retningslinjer for flernasjonale selskaper." Desse retningslinjene er tydelege på at det skal gjerast skjerpa aktsemdsvurderingar i konfliktområde: Ifølgje OECDs retningslinjer skal selskap i konfliktsituasjonar respektera humanitærretten og gjennomføra skjerpa aktsemdsvurderingar.
Som Oljefondets kommunikasjonssjef Line Aaltvedt uttaler i Børsen-Dagbladet tidlegare denne månaden, kan nedsal vera eit alternativ i enkelte situasjonar.
Oljefondet er investert i ei rekkje selskap svartelista av FN for å bidra til den ulovlege okkupasjonen av palestinske område. Slik som amerikanske Caterpillar som lagar bulldosarar brukt av Israels hær i okkuperte område. Fondet er også investert i ei rekkje våpenselskap som leverer våpen til Israel.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) har som mål å oppnå høgast mogleg avkastning med ein akseptabel risiko. Målet er nedfelt i lov om Statens pensjonsfond og i mandatet frå Finansdepartementet til Noregs Bank. Innanfor denne finansielle ramma skal fondet forvaltast ansvarleg. Det er brei politisk semje om investeringsstrategien og rammene for forvaltninga av SPU, og om at fondet ikkje er eit politisk verkemiddel, jf. mellom anna Innst. 421 S (2023–2024).
Mandatet til Noregs Bank stiller krav om at ansvarleg forvaltning skal vere integrert i forvaltninga av fondet. Føremålet med banken si ansvarlege forvaltning er å støtte opp om fondet si finansielle målsetjing. Noregs Bank skal mellom anna fastsetje prinsipp for ansvarleg forvaltning som skal vere basert på omsyna til god selskapsstyring, miljø og samfunn i tråd med internasjonalt anerkjende prinsipp og standardar frå OECD og FN.
Noregs Bank fremjar marknadsstandardar og set fram forventningar til selskap om å opptre på ein ansvarleg og berekraftig måte. Forventningane bygger på dei internasjonalt anerkjende standardane frå OECD og FN. I forventningsdokumentet om menneskerettar står det mellom anna at selskap med verksemd, forsyningskjeder eller andre forretningssamband i høgrisikoområde, til dømes konfliktområde, er venta å utføre skjerpa aktsemdsvurderingar, vidare at i situasjonar med væpna konflikt, bør selskap respektere internasjonale standardar for humanitær rett og integrere dette i aktsemdsvurderingane.
Noregs Bank har i eit eige dokument som er tilgjengeleg på banken sine nettsider, skildra korleis banken utfører aktsemdsvurderingar i tråd med retningslinene frå OECD og FN. Slike vurderingar er skildra som ein viktig del av banken sitt arbeid som ein ansvarleg forvaltar. Gjennom aktsemdsvurderingane søkjer banken å kartleggje og vurdere potensielle og faktiske negative følgjer som selskap som fondet investerer i, kan føre til, bidra til eller vere direkte knytt til. I rapporten om ansvarleg forvaltning for 2023 rapporterer banken mellom anna om 29 dialogar med selskap som har verksemd eller andre forretningssamband i konfliktramma område prega av auka risiko.
Vi har eit godt rammeverk for den ansvarlege forvaltninga av SPU. Rammeverket er utvikla over tid i takt med at både fondet, verden og forventningar til ansvarleg forvaltning har utvikla seg, og det har brei støtte i Stortinget.