Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren rydde opp i saka angående ansvar, kostnadsfordeling og sørge for at beredskapen fortsatt er på plass for befolkninga i Geiranger, Eidsdal og Nordal i Stranda og Fjord kommune, gjeldande ferjesambandet Eidsdal-Linge, eller har samferdselsministeren tenkt å bruke enda eit halvår på å trenere denne saka, som i så fall betyr at ei ny borgarleg regjering må rydde opp i dette?
Begrunnelse
At regjeringa arbeider seint er ikkje noko nytt, men no begynner det verkeleg å haste for å få ei avklaring om kven som har ansvaret og skal betale for beredskapsferjen i ferjesambandet Eidsdal -Linge i Møre og Romsdal.
I juni mnd. 2024 svara samferdselsministeren på spørsmål frå Stortinget, at "ein jobbar godt med saka".
Kva statsråden legg i at ein "jobbar godt med saka" når både statsforvaltaren, departementet og direktorat samt regjering ikkje maktar å ta ei avgjersle og faktisk skjære igjennom i denne saka er rett og slett uakseptabelt.
Ganske snart står ca. 700 innbyggjarar i kommunane Stranda og Fjord utan skikkeleg heildøgns beredskap, om sommaren mange tusen pr dag.
Dette dreiar seg om ambulanse, legevakt, brann, politi osv., der partane slik som Helseforetaket, departement, direktorat, fylkeskommunen og staten toar sine hender og regjeringa klarer ikkje å avklare kven som har ansvaret og fordelinga av kostnadane etter at Sjøfartsdirektoratet skjerpa inn sine krav for mannskapet.
Det er totalt uaktuelt at det no blir innbyggjarane som får konsekvensane av at dei ulike offentlige organa ikkje klarar å gjere jobben sin, nødvendig beredskap og ein totalberedskapssituasjon for området som betyr alt for dei som bur der.
Innbyggjarane også der har krav på eit trygt samfunn uansett kvar ein bur i landet.
3. februar verserer som dato for at beredskapen opphører for denne ferjestrekninga, og dersom dette er rett kan dette slett ikkje aksepterast.
Om fylkeskommunen må fortsette å ta kostnaden fram til ny regjering kjem på plass til hausten, vert dette i så fall med bakgrunn i ein totalt handlingslamma samferdselsminister og ei regjering som er meir opptatt av å påføre næringslivet meir byråkrati, løyvekrav og ulemper, i staden for å ta fatt i beredskapssaker vanlige folk er heilt avhengige av.