Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:967 (2024-2025)
Innlevert: 25.01.2025
Sendt: 27.01.2025
Besvart: 31.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram antall kontrollar Statens vegvesen har gjennomført på sine kontrollstasjonar frå Otta til Oslo på E6 i løpet av 2024 gjeldande varebilar under 3,5 tonn, og antall kontrollar av varebilar som er gjennomført i lag med arbeidstilsynet, skattemyndigheiter og andre ansvarlige kontroll institusjoner, gjennomfører Statens vegvesen og andre kontrollorgan slike kontrollar i dei største byane, og kor ofte?

Begrunnelse

Regjeringen foreslår løyveplikt for varebiler som driver transport, med bakgrunn i at ein hevdar lover og reglar ikring drift av varebiler ofte blir brotne.
Statens vegvesen har sine kontrollstasjoner sentralt langs hovudvegane, og det er svært sjeldan eg ivertfall registrerar at det blir gjennomført kontroll av andre køyretøygrupper en tungbilar på desse kontrollstasjonane.
Her kunne ein med lettheit lukka vekk mange av dei som eventuelt bryt lovverk blant varebiltransport, dersom desse køyretøygruppene vart kalla inn til kontroll, like mykje som tungbilnæringa blir.
Dersom ein meiner det er så mykje lovbrot ikring drift av varebiler, ville eg tru det var ei prioritert oppgåve for Statens vegvesen sine kontrollstasjonar å kunne gjennomføre hyppige kontrollar der, også i samarbeid med andre statlege kontroll institusjoner.
Det blir hevda at varebilar som driver næringstransport bryt vektkrav, køyrer med farga diesel, bryter arbeidsmiljølov og køyrer med ulovlege bilar osv. Alt dette er områder som det pr i dag er kontrollorgan som har som ansvar å følge opp og drive kontroll av.
Dersom dette ikkje fungerar burde sjølvsagt dette bli stramma opp slik at desse kontrollområda og rutiner ikring dette faktisk blir gjennomført og at desse kontrollorgana gjer jobben sin.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har opplyst at kontroll av varebilar under 3,5 tonn normalt inngår som ein del av lettbilkontrollane. Langs E6 frå Otta til Oslo har Vegvesenet i alt fire faste kontrollstasjonar, der tre av desse har fast bemanning. Statens vegvesen har ikkje konkrete tal på kor mange kontrollar for varebilar som er gjennomførte på den aktuelle strekninga. Dette kjem av at dei i statistikken ikkje skil mellom vanlege personbilar og varebilar. Det blir derfor heller ikkje skilt på om varebilar er til bruk i næring (transport eller handverkarverksemd) eller i privat bruk.
Kontroll av varebilar har prioritet i utvalde samarbeidskontrollar der Statens vegvesen deltek saman med andre kontroll- og tilsynsetatar. I samarbeidskontrollane kan etatane, basert på målretting av kontrollane, ha nokre ulike ønskjer om kontrollobjekt. Dette betyr at ein i samarbeidskontrollane ofte kontrollerer eit breitt spekter av køyretøy, alt frå lettbil til tunge køyretøy.
Kontroll av lettbilar (inkludert varebil) blir som hovudregel utført utanfor Vegvesenet sine faste kontrollstasjonar. Årsaka til dette er at mykje av varebiltrafikken skjer på sidevegane til kontrollstasjonane og i sentrumsnære område. Det er også her Vegvesenet finn flest avvik på til dømes overlast og teknisk tilstand på køyretøya. Statens vegvesen har informert meg om at dei i 2024 har gjennomført om lag 500 felleskontrollar saman med ein eller fleire andre kontroll- og tilsynsetatar. Talet på samarbeidskontrollar aukar.
Statens vegvesen erfarer dessverre at varebilnæringa har store utfordringar med useriøse aktørar, høgt arbeidspress og lange arbeidsdagar for varebilsjåførane. Transport med varebilar med tillaten totalvekt under 3,5 tonn har i liten grad vore regulert, men i 2022 innførte Noreg løyvekrav for internasjonal godstransport med varebilar frå 2,5 til 3,5 tonn, i tråd med EUs mobilitetspakke. Innføring av nasjonalt løyvekrav for varebil ned til 2,5 tonn er eitt av mange tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren, som har støtte både frå LO, NHO, NLF og Politiet. Løyvekravet for varebil skal bidra til auka etableringskrav, noko som skal fremje seriøsiteten i transportbransjen, gi likare konkurransevilkår og sørgje for at kvardagen for varebilsjåførane skal bli betre.
Løyveplikt for varebilar vil bety at også denne køyretøygruppa blir omfatta av yrkestransportregelverket. Frå det tidspunktet regelverket blir innført, vil desse køyretøya vere omfatta av yrkestransportkontroll på lik linje med tunge køyretøy.