Skriftlig spørsmål fra Ine Eriksen Søreide (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:939 (2024-2025)
Innlevert: 22.01.2025
Sendt: 22.01.2025
Besvart: 29.01.2025 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Ine Eriksen Søreide (H)

Spørsmål

Ine Eriksen Søreide (H): Hva er begrunnelsen for at regjeringen i ett år har unnlatt å bruke EØS-avtalens art. 123 eller andre alternativer for å løse saken med at containere med mat og forsyninger til amerikanske styrker på øvelse i Norge har stått i arrest hos Tollvesenet?

Begrunnelse

Amerikanske styrker på øvelse i Norge fikk satt flere containere med mat og forsyninger i arrest hos Tollvesenet i nesten ett år. Norge er så vidt jeg kjenner til det eneste europeiske landet som over tid har tilbakeholdt slike forsyninger, og dette har skapt store problemer for amerikansk øving og trening i Norge. Denne aktiviteten er svært viktig både for Norge, USA og NATO, og har derfor økt i omfang de senere årene. Først etter at det ble mediaoppslag om saken 15. januar ble den plutselig løst – og da i løpet av under et døgn. Jeg ber også om innsyn i korrespondansen Landbruks- og matdepartementet, Forsvarsdepartementet, Utenriksdepartementet, Finansdepartementet of Statsministerens kontor har hatt med hverandre og med de underliggende etatene Mattilsynet, Forsvaret og Tollvesenet om denne saken.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Amerikanske feltrasjonar tiltenkt militærøvinga Nordic Response 24 ble nekta innført til Noreg utan grensekontroll i februar 2024. Det norske forsvarskonseptet baserer seg på at vi skal kunne ta i mot omfattande forsterkingar frå allierte nasjonar. Det er avgjerande at vi som vertsnasjon demonstrerer evne til å hurtig ta imot og anvende allierte forsterkingar. Saka er no løyst.
Noreg er gjennom EØS-avtala forplikta til å følgje EUs felles reglar ved import av animalske varer, levande dyr og einskilde ikkje-animalske produkt. Feltrasjonar er i utgangspunktet grensekontrollpliktige ved innførsel til Noreg når produkta inneheld animalske bestanddelar slik som kjøt og mjølk. Det er ikkje unntak i det EØS-harmoniserte grensekontrollregelverket for å innføre forsyningar utanom ordinær grensekontroll til amerikanske styrkar under øvingar.
Saka har nødvendiggjort viktige avvegingar knytt til mattryggleik og EØS-regelverk som skal hindre spreiing av dyre- og plantesjukdomar. Animalske varer, levande dyr, plantar/vegetabila som blir flytta mellom territorium kan utgjere risiko for spreiing av smitte og sjukdomar som kan vere overførbare til menneske, dyr (domestiserte dyr og vill fauna) og plantar (planteskadegjerarar).
Ein har i handsaminga av saka vore i kontakt med nokre andre EU-/EØS-land for å høyre korleis dei tolkar regelverket. Fleire av desse legg til rette for allierte forsterkingar ved å gjere unntak frå EU-/EØS-regelverket av omsyn til nasjonal tryggleik.
Eg meiner saka reiser viktige spørsmål om anledning til å fråvike EØS-avtalen av omsyn til nasjonal tryggleik. Det var viktig for oss å vurdere korleis nære europeiske allierte vurderer tilsvarande tilfelle. Eg erkjenner likevel at handteringa av denne saka har teke for lang tid.
Når importen no blir tillate vil vi ha dialog med amerikanske styresmakter om mattryggleik, miljøomsyn og avfallshandtering.