Skriftlig spørsmål fra Gro-Anita Mykjåland (Sp) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:930 (2024-2025)
Innlevert: 21.01.2025
Sendt: 21.01.2025
Besvart: 28.01.2025 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Gro-Anita Mykjåland (Sp)

Spørsmål

Gro-Anita Mykjåland (Sp): Hvor mye sparer en familie i 2025 i Hægebostad i Agder med et barn i barnehage og et barn over 6 år på at 1) barnehageprisen er 1 500 kr istedenfor 3 000 kr og 2) at barnetrygden blir 202 kroner fra 1. mai for barn over 6 år?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Frå 1. august 2024 senka regjeringa maksprisen på barnehage frå 3 000 til 2 000 kroner. For dei 194 mest spredtbygde kommunane, inkludert Hægebostad i Agder, vart maksprisen redusert til 1 500 kroner. Ein familie som har eitt barn på under seks år i barnehage i Hægebostad kommune vil derfor spare 1 500 kroner i månaden og 18 000 kroner i løpet av 2025 samanlikna med tidlegare sats.
For barnet over seks år vil familien få 202 kroner ekstra i barnetrygd frå 1. mai, noko som utgjer 1 616 kroner i 2025. I 2026 vil auken gjelda heile året og svara til 2 424 kroner. Barnetrygda blir også auka for barnet under seks år så familien vil samla, for begge barna, få 3 232 kroner i auka barnetrygd i 2025, og 4 848 kroner i 2026.
Auken i barnetrygd og redusert pris på barnehage vil isolert sett betre økonomien til familien med 21 232 kroner i 2025. I 2026 vil familien isolert sett betra økonomien sin med 22 848 kroner. I regjeringsperioden har det blitt innført 12 timar gratis SFO i veka for barn frå 1. til 3. trinn. Dersom det er barn i familien i denne aldersgruppa, vil det gi ytterlegare innsparingar for familien.