Skriftlig spørsmål fra Hans Andreas Limi (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:927 (2024-2025)
Innlevert: 21.01.2025
Sendt: 21.01.2025
Besvart: 24.01.2025 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Hans Andreas Limi (FrP)

Spørsmål

Hans Andreas Limi (FrP): Gir svine- og fjørfeproduksjonsloven § 5 hjemmel for bortfall av en tidsubegrenset konsesjon som ble etablert før lovens ikrafttredelse, og hvordan er en slik rettsvirkning eventuelt vurdert opp mot retroaktivitetsforbudet i Grunnloven § 97?

Begrunnelse

Det vises til tiårsregelen for bortfall av konsesjon etter lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjon § 5. Spørsmålsstiller ønsker besvart om bestemmelsen regulerer konsesjoner gitt forut for lovens ikrafttreden, og hvordan denne virkningen eventuelt er vurdert opp mot tilbakevirkningsforbudet i Grunnloven § 97.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: I svine- og fjørfeproduksjonslova av 2004 vart det innført ein heimel i § 5 om at konsesjonen fell bort dersom det ikkje har vore næringsmessig produksjon av svin eller fjørfe på garden i løpet av dei ti siste åra. Bakgrunnen for føresegna går fram av Ot.prp.nr.94 (2002-2003) Om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen kap. 7.

I vurderinga frå 2004 vart det konkludert med at det kan verke urimeleg overfor produsentar utan konsesjon, dersom ein for eksempel skulle kunne overta ein gard der det for 15 år sidan vart drive konsesjonsregulert produksjon, og starte opp att denne produksjonen. Departementet meinte derfor at ein konsesjon ikkje skal vere ei evigvarande rett, som vert i behald uavhengig av om konsesjonshavaren produserer eller ikkje. Ein tidsubegrensa konsesjon som ikkje hadde vore i bruk på ti år, vart rekna å ikkje lenger oppfylle føremålet med konsesjonsordninga. At slike historiske rettar kunne falle bort vart sett på som ei regulering som ikkje innebar eit urimeleg inngrep i eksisterande rettar.

Vidare vart det lagt til rette for at konsesjonshavarar kunne få ei bindande avklaring på om konsesjonen var falt bort før dei eventuelt starta opp ny produksjon. Dette sikra føreseie-legheit og rettstryggleik for dei berørte partar.

Det vart også bestemt at ein eventuell «ikkje-bruk» før lova trådte i kraft ikkje skulle få betydning ved utrekninga av fristen. Fristen byrja følgjeleg først å løpe frå lovas ikraftsetjing 1. april 2004.

Basert på vurderingane som går fram av forarbeida til loven, kan eg ikkje sjå at bortfallsføre-segna skulle vere i strid med Grunnlova § 97.