Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:856 (2024-2025)
Innlevert: 14.01.2025
Sendt: 14.01.2025
Besvart: 17.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Er forholdet ikring el- biler, og andre køyretøy med el drift, vore med i vurderingane og som er problematisert i arbeidet med totalberedskapsmeldingen?

Begrunnelse

Regjeringen har som kjent stilt krav til all offentlige anskaffelser for køyretøy, bil, varebil, buss og ferjer, at desse skal vere nullutslipp, i praksis elektrifisert fra 1/1-2025.
Ein stor del av biler som nå blir solgt i Norge er også el-bil, og regjeringen har som mål å fase ut all bilbruk med fosilt drivstoff.
I 2022 startet Forsvaret opp igjen med forhåndsrekvirering av sivile kjøretøy slik at de raskt kan mobiliseres til en eventuell krisesituasjon.
I 2022 uttalte Forsvarets logistikkorganisasjon at elektriske kjøretøy ikke er blant mest aktuelle kjøretøyene fordi tilgang til strøm kan bli en utfordring i de områdene kjøretøyene er planlagt benyttet.
Seniorrådgiver i Forsvarets logistikkorganisasjon uttalte den gangen at nyere fossilbiler med firehjulstrekk var mest interessante. Forsvaret utsteder litt over 14 000 forberedte rekvisisjoner i år, de fleste av disse er kjøretøyer.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Totalberedskapsmeldinga vektlegg arbeidet med totalforsvaret og motstandskrafta i det sivile samfunnet i situasjonar der det verst tenkjeleg skulle skje, og Noreg igjen skulle oppleve væpna konflikt eller krig. Problemstillingar knytt til el- bilar og andre køyretøy med elektrisk drift er ikkje tema i meldinga. Eit sentralt tema i meldinga er likevel korleis sivile sektorar skal ha evne til å støtte opp under militær innsats, og ha evne til å halde oppe viktige funksjonar innanfor kritiske samfunnsområde. Fleire av dei tiltaka som blir fremja i meldinga er retta mot å sikre systematikk i dette arbeidet, og at utfordringar i ulike sektorar blir sett i samanheng. Problemstillinga som representanten Sve løftar fram er eit døme på den typen problemstillingar som det er viktig at arbeidet med motstandskraft er klar over.
I Nasjonal transportplan 2025-2036 viser regjeringa til at elektrifiseringa av transportsektoren må følgjast av tilpassingar og utbygging av transport-, lade- og kraftinfrastruktur, for å dekkje det sivile og militære transportbehovet i krisesituasjonar. Planverk og prioriteringsordningar må også ta høgde for ein situasjon med kraftmangel. Dette er ein tematikk som involverer mange aktørar i ulike sektorar. Det vil i første omgang bli sett i gang eit arbeid mellom Samferdselsdepartementet, Forsvarsdepartementet og andre relevante departement for å kartleggje Forsvarets sektorspesifikke behov i denne samanhengen.