Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:845 (2024-2025)
Innlevert: 13.01.2025
Sendt: 13.01.2025
Til behandling

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Når kan stortinget forventa å få meldinga om trygg digital oppvekst, skal den innehalde innføring av ei aldersgrense, vil ei slik innføring krevja lovendring, i så fall, når reknar statsråden med at Stortinget vil få tilsendt ein lovproposisjon knytt til denne innføringa av ei aldersgrense?

Begrunnelse

Allereie i april i fjor varsla regjeringa at dei ønskte å innføra strengare restriksjonar for barn og unge sin bruk av sosiale medium, gjennom eit intervju i VG. Sidan då har den varsla stortingsmeldinga om trygg, digital oppvekst blitt utsett ved fleire høve. Samstundes har regjeringa, inkludert kunnskapsministeren, vist til dette pågåande arbeidet i møte med avsløringar kring sosiale medium og dei negative effektane det har på unge. Seinast niande januar i år i eit intervju i VG.

Bakgrunnen for det siste intervjuet er nye tal frå NTNU som viser dei alvorlege negative konsekvensane sosiale medium har for unge sin motivasjon og trivsel i skulen. Tala viser mellom anna at over halvparten av jentene i vidaregåande skule gruer seg til å gå på skulen etter negative hendingar i sosiale medium. Heile ein av ti elevar på vidaregåande skule har vore borte frå skulen som følgje av kjipe eller vanskeleg opplevingar i sosiale medium. I tillegg er det fleire andre skremmande funn i rapporten.

Til VG seier kunnskapsministeren naturleg nok at dette er alvorleg og viser til det pågåande arbeidet med å innføra ei aldersgrense på sosiale medium. Raudt er også positiv til strengare reglar for unge på sosiale medium, men spørsmålsstillaren er også utolmodig. Regjeringa har nå ved fleire høve varsla innføring av ei aldersgrense, men lite har skjedd og ingenting har kome til Stortinget.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig