Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:819 (2024-2025)
Innlevert: 10.01.2025
Sendt: 10.01.2025
Besvart: 16.01.2025 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Har "Mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland" nokon sjølvstendig funksjon som etisk rettleiar for SPUs investeringar, eller legg regjeringa til grunn at alle eventuelle føringar som måtte følgje av mandatet per definisjon kjem til uttrykk gjennom dei etiske retningslinene?

Begrunnelse

I Dagbladet 7. januar kjem Redd Barna med sterk kritikk av SPU sine investeringar i selskap som har aktivitet knytt til okkuperte område i Palestina. Kritikken går langs fleire aksar. Ei sida av saka er at dei meiner «Retningslinjer for observasjon og utelukkelse av selskaper fra SPU» (dei etiske retningslinene) ikkje er tilstrekkeleg oppdatert. Men det blir også hevda at forskrifta som utgjer sjølve mandatet for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fungerer som eit sjølvstendig grunnlag for å vurdere kva investeringar som er etisk uforsvarlege. Og at det ut frå denne synsmåten er ei rekke av investeringane til SPU i selskap med berøringspunkt opp mot okkupert palestinsk territorium som vil vere i strid med OECD og FN sine reglar om ansvarleg næringsliv.
Dei ulike investeringane til SPU må sjølvsagt vurderast konkret. Men spørsmålet om mandatet for forvaltninga av SPU kan utgjere grunnlaget for den konkrete vurderinga er i seg sjølv interessant. Slik Finansdepartementet svarer i den aktuelle artikkelen blir det skapt eit inntrykk av at etiske føringar som måtte følgje av mandatet per definisjon må sjåast å kome til uttrykk gjennom dei etiske retningslinene, og at lovlegheita av investeringar ikkje skal vurderast ut frå andre rettskjelder. Spørsmålet er om ikkje også Norges Bank har eit sjølvstendig ansvar, uavhengig av verksemda til Etikkrådet, for å sjå til at alle investeringar er i tråd med m.a. FN og OECD sine retningsliner.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) har som mål å oppnå høgast mogleg avkastning med ein akseptabel risiko. Målet er nedfelt i lov om Statens pensjonsfond og i mandatet frå Finansdepartementet til Norges Bank. Innanfor denne finansielle ramma skal fondet forvaltast ansvarleg. Det er brei politisk semje om investeringsstrategien og rammene for forvaltninga av SPU, og om at fondet ikkje er et politisk verkemiddel, jf. mellom anna Innst. 421 S (2023–2024).
Mandatet stiller krav om at ansvarleg forvaltning skal være integrert i forvaltninga av fondet. Føremålet med Norges Bank si ansvarlege forvaltning er å støtte opp om fondet si finansielle målsetting. Norges Bank skal mellom anna fastsette prinsipp for ansvarleg forvaltning som skal baserast på omsyna til god selskapsstyring, miljø og samfunnsomsyn i tråd med internasjonalt anerkjende prinsipp og standardar frå OECD og FN.
Føremålet med retningslinene for observasjon og utestenging av selskap frå SPU (dei etiske retningslinene) er å unngå at fondet er investert i selskap som er årsak til eller medverkar til alvorlege krenkingar av grunnleggande etiske normer som føljer av retningslinene. Det uavhengige etikkrådet overvakar fondet si portefølje for eventuelle grove normbrot som kan vere i strid med retningslinene. Etikkrådet gjev tilrådingar til Norges Bank sitt hovudstyre, som avgjer i slike saker.
Norges Bank fremjar gjennom den ansvarlege forvaltninga marknadsstandardar og set fram forventningar til selskap om å opptre på ein ansvarleg og berekraftig måte. Tema i dette arbeidet overlappar med det som Etikkrådet ser på i si handsaming av om selskap bryt med dei etiske retningslinene. Norges Bank og Etikkrådet er fagleg uavhengige av kvarandre, samstundes som det er ei god samordning mellom institusjonane slik at rammeverket samla sett fungerer på ein best mogleg måte, jf. § 7 i dei etiske retningslinene.
Vi har eit godt rammeverk for den ansvarlege forvaltninga av SPU og for å vurdere om selskap skal utestengast frå fondet som følje av kriteria i dei etiske retningslinene. Rammeverket er utvikla over tid i takt med at både fondet, verden, etiske normer og forventningar til ansvarleg forvaltning har utvikla seg. Dei etiske retningslinjene blei sist grundig vurdert og behandla av Stortinget i 2021 som følge av Etikkutvalet si utgreiing (NOU 2020: 7 Verdier og ansvar). Rammeverket har brei støtte i Stortinget.