Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:811 (2024-2025)
Innlevert: 09.01.2025
Sendt: 09.01.2025
Besvart: 17.01.2025 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Kan statsråden redegjøre for hvorfor departementet har valgt en annen juridisk tolkning av de EØS-rettslige aspektene ved språkkravet enn HK-dir, og hvordan departementet vil forholde seg til den pågående ESA-klagen dersom ESA skulle konkludere med at språkkravet er i strid med EØS-avtalen?

Begrunnelse

Fra 1. august 2024 måtte utenlandske stipendiater og postdoktorer ha 15 studiepoeng norskopplæring i løpet av ansettelsen. Det er av stor betydning å få klarhet i det juridiske grunnlaget for departementets vurderinger, særlig ettersom disse avviker fra HK-dirs tidligere tolkninger.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Frå 1. august 2024 blir det stilt krav om at universitet og høgskular skal tilby norskopplæring til stipendiatar og postdoktorar som ikkje kan dokumentere ferdigheiter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2 ved tilsettinga. Den som blir tilsett utan slike språkferdigheiter, må gjennomføre norskopplæring tilsvarande minst 15 studiepoeng innan utløpet av åremålsperioden. Universitets- og høgskuleforskrifta fastset også språkkrav ved tilsetting i alle undervisnings- og forskingsstillingar.
Kravet er eit av fleire tiltak for å følgje opp Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia, som regjeringa la fram 14. juni 2023. Statistikken syner at norsk fagspråk er sterkt svekt i akademia dei siste tiåra. Viss me lèt utviklinga halda fram, vil engelsk bli heilt dominerande. Språkforskinga syner at eit levande norsk fagspråk med oppdaterte faglege omgrep på norsk er naudsynt for å bevare norsk som eit samfunnsberande språk over tid.
Internasjonalt rekrutterte utgjer no ein høg andel av dei vitskapeleg tilsette. Desse er ein viktig ressurs for universiteta og høgskulane, men erfaringa frå dei siste tiåra syner at det er naudsynt med meir systematisk språkopplæring viss vi skal bevare norsk fagspråk.
Ei slik endring kjem ikkje av seg sjølv. Det er utviklinga hittil eit prov på. Det er difor naudsynt med nokre enkle og rimelege språkkrav. Krava må omfatte stipendiatar og postdoktorar, kor delen internasjonalt rekrutterte er svært høg, men i eit omfang avgrensa til 15 studiepoeng. HK-dir har utarbeida ein rettleiar på sine nettsider om detaljane i gjennomføringa av krava.
Ved å stille krava gjennom ei forskrift varetek departementet interessene til stipendiatar og postdoktorar som ikkje kan norsk ved å sikre at norskopplæringa går føre seg i arbeidstida og er betalt. Viss det framleis skulle vera frivillig, syner erfaringa at arbeidsgjevar ikkje prioriterer å gje kurstilbod, og at dei som får slike tilbod ofte må gjennomføra dei på fritida.
Som det går fram av forskrifta har rekrutteringsstillingane stipendiat og postdoktor eit overordna formål om å sikre rekruttering til akademia og arbeidsliv elles. Det inneber at arten av arbeidet i desse stillingane er kvalifiseringsoppgåver. Språkkravet vil bidra til å sikre at dei som skal tilsettast i akademia på sikt kan undervise på norsk, og at dei som går til andre deler av norsk arbeidsliv på sikt kan bruke norsk som arbeidsspråk, samtidig som kravet ikkje er strengare enn det som er naudsynt.
Etter EØS-retten kan det bli stilt språkkrav i samband med tilsetting viss dette er naudsynt på grunn av arten av det arbeidet stillinga inneber. Dette går fram av forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen artikkel 3 nr. 1 andre ledd, som er innlemma i EØS-avtalen.
I samband med førebuinga av forslaget som blei sendt på høyring, gjorde Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) ei EØS-rettsleg vurdering av forslag om tilbod om norskopplæring og krav om gjennomføring i løpet av åremålsperioden for stipendiatar og postdoktorar. HK-dir si vurdering før høyringa var at kravet var i samsvar med EØS-retten. I etterkant av høyringa vurderte HK-dir at det kunne tenkjast at føremålet med språkkravet kunne bli nådd gjennom eit tilbod om frivillig opplæring, og at det var ein viss risiko for at forslaget ikkje i alle tilfelle ville vere i samsvar med EØS-retten.
Departementet gjorde ei anna vurdering av det EØS-rettslege spørsmålet enn HK-dir si vurdering i etterkant av høyringa. På bakgrunn av grundige vurderingar i departementet, kom eg til at risikoen for at kravet er i strid med EØS-retten er liten. Regjeringa sin politikk på området er å styrkje og utvikle norsk fagspråk. Institusjonane har etter universitets- og høgskulelova eit ansvar for utvikling av norsk fagspråk og norsk som undervisningsspråk. For å nå desse måla, må dei som treng det, få tilbod om naudsynt norskopplæring, og det må stillast tydelege krav og forventningar om oppnådd kompetanse. Tilsette i undervisnings- og forskingsstillingane vil også kunne ha eller bli pålagde oppgåver med undervisning eller rettleiing. Det er gode haldepunkt for at frivillig opplæring ikkje vil vere nok til å bidra til at formålet blir oppnådd. Eg meiner at språkkravet er naudsynt på grunn av arten av det arbeidet som stillinga inneber, og at kravet derfor er i samsvar med EØS-retten.
Eg er gjennom oppslag i media kjend med at ei gruppe forskarar og stipendiatar har klaga til EFTAs overvakingsorgan (ESA). Kunnskapsdepartementet har mottatt brev frå ESA der dei informerer om at dei har mottatt ein slik klage, men eg er ikkje kjend med det nærare innhaldet i klaga. Dersom ESA meiner det er grunnlag for å undersøke saka nærare, vil dei be om informasjon frå norske myndigheiter for å få opplyst saka, og eventuelt følgje opp saka vidare. Eg vil sjølvsagd svare på dei spørsmål ESA måtte ha i saka. Dersom det etter denne prosessen er ueinigheit mellom norske myndigheiter og ESA, kan ESA leggje saka fram for EFTA-domstolen.