Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gjera greie for korleis universell utforming blir sikra i neste fase av Norske togs innkjøp av fjerntog, og vil toga ha trinnfri innstiging?
Begrunnelse
Etter press frå fleirtalet i Transport og kommunikasjonskomiteen og fleire interesseorganisasjonar sende statsråden eit brev til Jernbanedirektoratet med oppdrag om å vurdera løysingar for å sikra universell utforming i nye fjerntog.
I mai kom Jernbanedirektoratet med rapporten “Økt tilgjengelighet i nye fjerntog – sluttrapport”. I rapporten stadfestar Jernbanedirektoratet at det er fullt mogleg å leggja til rette for trinnfri tilkomst og for rørslefridom i toget for reisande som nyttar rullestol. Vurderinga av trinnfri tilkomst med innvendige ramper viste at alternativet bidrog positivt til å oppnå målet om sjølvstendige reiser, men at graden av måloppnåing var avhengig av tiltak for å heva plattformer til 76 cm.
Statsråden og medlemmene i Transport- og kommunikasjonskomiteen fekk før sommaren eit brev frå Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Norges Blindeforbund og Norges Handikapforbund med eit felles krav om trinnfri tilkomst på 76 plattformer med intern oppramping dersom opsjon om kjøp av 83 fjerntog frå Stadler blir nytta.
Statsråden har denne veka stadfesta at han både skal skrota flytoget, og vil bruka meir pengar på at toga skal gå presist. Det er på sin plass å spørja korleis han jobbar for at fleire kjem seg på toga og korleis han følgjer opp prosessane han sjølv har sett i gang gjennom rapporten om auka tilgjengelegheit i nye fjerntog.