Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2733 (2023-2024)
Innlevert: 08.09.2024
Sendt: 09.09.2024
Til behandling

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kystverkets ordinære tilbringarteneste dekkjer ikkje alle dagens losbordingsfelt.
Kva er bakgrunnen for kva felt/lospunkter som er inkluderte og ikkje og korleis ser statsråden på den forskjellsbehandlinga dette medfører langs kysten?

Begrunnelse

Kystverkets losteneste tilfører skip som skal anløpe eller forlate norske hamner den nødvendige farvasskompetansen, maritim kompetanse og erfaring for å sikre seglinga i norske farvatn.

Lostenesta er tilgjengeleg 24 timar i døgnet, heile året, og utfører årleg rundt 40 000 oppdrag. Kystverket har omlag 300 lósar i teneste, stasjonert ved 25 losstasjonar langs Norskekysten.

Alle losbordingsfelt er likevel ikkje innlemma i Kystverkets ordinære tilbringarteneste. Dette kan medføre forskjellsbehandling langs kysten. Skip som er avhengig av lós for å komme inn til ei av kaiene som ikkje er inkluderte i den ordinære tilbringartenesta må ut med ekstrakostnader. Dette kan føre til at transportørar ikkje bruker desse losbordingsfeltene, at gods må takast i land i andre hamner og at gods som kunne vore frakta sjøvegen i staden får lenger distanse på veg.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig