Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2633 (2023-2024)
Innlevert: 28.08.2024
Sendt: 28.08.2024
Besvart: 04.09.2024 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Fiskeri- og havministeren har informert Stortinget om at ho tar sikte på å fremme eit nytt regelverk for fiskeoppdrett på land «tidlig i høst». Stortinget vedtok i april å be regjeringa fremme forslag om ei teknologinøytral miljøfleksibilitetsordning i løpet av 2024 for å få fart på utviklinga av låg- og nullutsleppsteknologi for redusere utslepp og lusepress.
Er regjeringa i rute med å ha på plass eit nytt regelverk for oppdrett på land «tidlig i høst» og miljøfleksordninga ferdig og klar til å bli implementert i løpet av 2024?

Begrunnelse

I desember 2022 innførte nærings- og fiskeridepartementet midlertidig stans for tildeling av nye oppdrettskonsesjonar på land. I mai 2023 sende Nærings- og fiskeridepartementet ut eit framlegg om endringar i regelverket for oppdrett på land på høyring.
I juli 2023 meldte departementet at fristen vart utvida og at Nærings- og fiskeridepartementet ville kome tilbake med innhaldet i forslag til funksjonskrav på eit seinare tidspunkt.
I januar 2024 informerte Statsråden Stortinget om at ho tok sikte på vi tar sikte på å få "..et nytt regelverk for landbasert akvakultur på plass tidlig i høst", jmf. svar på Dokument nr. 15:925 (2023-2024). Omgrepet "tidlig i høst" vart ikkje definert i svaret, men etter underteikna sitt syn må dette som eit minstemål bety i løpet av oktober månad, gjerne før.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Havbruksnæringa er verdifull for Noreg. Derfor meiner regjeringa at det er viktig at forslag til endringar i rammevilkåra til næringa er tilstrekkeleg utgreia før dei blir sende på høyring, i tråd med utgreiingsinstruksen. Når det gjeld forslag til endringar i regelverket for akvakultur på land medførte dette at prosessen tok lengre tid enn ønska. Forslag til nytt regelverk for akvakultur på land vart sendt på høyring 26. august. Høyringsfristen er 21. november og departementet håper det kjem mange gode høyringsinnspel. Konkret dato for innføring av nytt regelverk avheng blant anna av kor mange høyringssvar som kjem inn, og behovet for revidering av forslaget etter enda høyring.
Når det gjeld innføring av ny miljøfleksibilitetsordning har Stortinget oppmoda regjeringa om å leggje fram forslag til slik ordning i løpet av 2024. Dette arbeidet har høg prioritet i departementet, og regjeringa vil leggje fram eit forslag til ordning i løpet av 2024 i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak.