Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil statsråen bidra for at Statnett skal sikra at grensa på 5 MW og 20 GWh vert gjeldande for alle Statnett sine stasjonar snarast mogeleg?
Begrunnelse
Kapasiteten i transmisjonsnettet set i store deler av landet avgrensingar på næringsutvikling og omstilling. Praksis har vore ei grense på at alt forbruk opptil 1 MW har vore definert som vanleg forbruk. Forbruk over dette har måtta avklarast med Statnett. I desember heva Statnett definisjonen for vanlig straumforbruk til å gjelda forbruk opptil 5 MW og 20 GWh. Det inneber at lokale nettselskap kan kopla til nye verksemder med inntil 5 MW utan godkjenning frå Statnett først. Men to stader i Vestland og Nordland, vil grensa fortsatt vera 1 MW. Ein av desse stasjonane er Stord transformatorstasjon (og Kolsvik i Nordland).