Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1553 (2023-2024)
Innlevert: 15.03.2024
Sendt: 15.03.2024
Besvart: 22.03.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Forsvarsmaterielle (FMA) har inngått ein avtale med tausheitsklausul.
Er det særlege årsaker til at FMA nyttar seg av ein slik klausul i dette tilfellet, og kva er desse årsakene i så fall?

Begrunnelse

Forsvarets forum hadde nyleg ei sak om at Forsvarsmateriell (FMA) har inngått ein forliksavtale med bedrifta NorArm, som ønska å produsera ein kamuflasje som liknar den Forsvaret bruker.
Avtalen inneheld ein tausheitsklausul, som gjer at partane ikkje kan uttala seg om avtalen. FMA må samtidig følgja offentleglova, og på spørsmål gav dei innsyn i forliksavtalen - men først etter tre veker. FMA har ikkje svart på spørsmål om kvifor avtalen inneheld ein slik klausul, eller kven som tok initiativet til tausheitsplikt. NorArm kan ikkje uttala seg.
Openheit om avtalar inngått mellom offentlege aktørar og andre er ein føresetnad for ein opplyst offentleg debatt. Om ein statleg aktør nyttar seg av avtalar dekka av tausheitsplikt bør det vera sterke grunnar til det.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Eg vil innleiingsvis understreka viktigheita av at det blir utvist openheit rundt inngåing av forliksavtalar der staten er part. Folk har ei særleg interesse i å få tilgang til innhaldet i forliksavtalar for å gjera seg kjend med korleis offentlege midlar blir disponerte.
Forliksavtalar er omfatta av retten til innsyn etter offentleglovas føresegner. I den aktuelle forliksavtalen Forsvarsmateriell (FMA) inngjekk, vart det teke inn ein klausul som påla partane teieplikt med dei avgrensingar som følgjar av offentleglova. FMA opplysa om at dei ønskja ein slik klausul for å unngå deling av opplysningar om særtrekk ved uniformer, og den rettslege argumentasjon og forhandlingsposisjonen til staten. Dette av omsyn til potensielle liknande saker mot andre tredjepartar. Ein slik klausul er uansett ikkje til hinder for innsynsretten etter offentleglova.
Forsvarets forum bad om innsyn i forliksavtalen den 8. januar 2024. I behandlinga av innsynskravet vart det konkludert med at opplysningar i avtalen ikkje var teiepliktige forretningsløyndommar til selskapet. Det vart gjeve fullt innsyn 2. februar 2024.
Eg vil til slutt understreka betydninga av openheit for å sikra at borgarane får tilstrekkeleg, relevant og god informasjon om saker som blir behandla og avgjorde av styresmaktene.