Ingrid Fiskaa (SV): Statlege selskap er forplikta til å vita om varene deira blir brukt av aktørar som bryt humanitærretten.
Kva vil næringsministeren gjera for at statlege våpenselskap skaffar seg kunnskap om kvar våpenkomponentar endar opp, og vil ministeren sørga for openheit om selskapa sine aktsemdsvurderingar?
Begrunnelse
Ifølge Frifagbevegelse 15. februar har ikkje Kongsberggruppen full oversikt over kor delane dei produserer til F-35 flya endar opp. Ifølgje eigarskapsmeldinga er det statlege våpenselskapet forplikta til å vite kven som til sjuande og sist tek i bruk varene. Kunnskap om kjeda er ein føresetnad for å påsjå at ein som selskap ikkje bidreg til brot på humanitærretten.
Lagmannsretten i Nederland slo denne veka fast at det er ein "klar risiko for at Israels F-35 jagerfly blir bruka til å begå alvorlege brot på den internasjonale humanitærretten på Gazastripa". Retten pålegg den nederlandske regjeringa å stoppe vidare eksport av F-35 delar til Israel.
Statlege våpenselskap er forplikta til å gjere aktsemdsvurderingar, og me bør kunne legge til grunn at nye vurderingar har blitt gjort etter den 7. oktober, eller i det minste etter avgjerda i Den internasjonale domstolen 26. januar om å opne sak om folkemord. Gitt situasjonens alvor er dei statlege våpenselskapa sine vurderingar av offentleg interesse.