Alfred Jens Bjørlo (V): Vil fiskeri- og havministeren sørge for at fiskerinæringa og andre får innsyn på normal måte i tråd med offentleglova i saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs, og er statsråden som øvste ansvarleg for norsk havpolitikk samd i at ei rask avklaring av at ein skal følgje vanlege demokratiske spelereglar, er svært viktig for legitimiteten i heile det vidare arbeidet med offshore vindkraft i Noreg?
Begrunnelse
Olje- og energidepartementet har foreslått å innskrenke innsynsretten i komande saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs Grunngivinga til departementet er at det er arbeidskrevjande å gå gjennom alle dokumenta, og at dei vil innehalde store mengder opplysningar som er hemmelege. Det gjer at det vil vere ressurskrevjande å vurdere eventuelle unntak for resten av dokumenta.
For underteikna framstår dette som eit syltynt grunnlag for å innskrenke ålmenta sin innsynsrett i staten sine affærer, ikkje minst i ei sak som er så omfattande, prinsipielt viktig og med så store potensielle økonomiske konsekvensar som prosessane knytt til bruk av havområde til utbygging av offshore vindkraft vs. vern og/eller bruk til anna næringsføremål.
Uansett kva syn ein har på offshore vindkraft, er det i alle si interesse at dei prosessane vi no skal gjennom er opne, transparente og gir viktige andre aktørar i havområda som fiskerinæringa høve til å få innsyn og gi viktige innspel undervegs i prosessen.