Ingrid Fiskaa (SV): I 2007 gjennomførte norske styrkar ein større operasjon i Afghanistan der målet var å pågripa ein Taliban-leiar. I fjor haust vart det kjent i media at feil mann vart tatt til fange.
Kva opplysningar fekk departementet frå Forsvarets spesialkommando (FSK) om identiteten til den pågripne mannen og om han var målet for operasjonen, og kva for identitet vart oppgitt i rapporten laga av FSK i etterkant av operasjonen, ein såkalla Post Operations Report?
Begrunnelse
17. september 2007 gjennomførte soldatar frå Forsvarets spesialkommando (FSK) ein større operasjon i Tagab-dalen nordaust for Kabul. Målet for operasjonen var å pågripa ein Taliban-leiar som heitte Qari Nejat. I fjor haust vart det kjent i media at feil mann vart tatt til fange under operasjonen.
Afghansk sikkerheitspoliti og amerikanske styrkar vart berre timar etter operasjonen klar over at feil mann vart arrestert. Også Etterretningstenesta og den norske ambassaden i Kabul vart kjent med at feil mann vart tatt til fange i operasjonen. Dette varsla også ambassaden Forsvarsdepartementet om.
Den norske ambassaden i Kabul delte etter operasjonen eit bilde av den pågripne mannen med ein afghansk menneskerettsorganisasjon. Denne organisasjonen, Afghan Independent Human Rights Committee (AIHRC), hadde ansvar for å følgja opp fangar som vart tatt til fange av vestlege styrkar. På bildet som ambassaden delte med denne organisasjonen, står det:
«Bilde av Mohamed NASEEM etter pågripelsen».
Mannen som vart tatt heitte altså Mohammad Naseem. Naseem fremma i 2010 eit krav om erstatning og oppreisning mot norske styresmakter. I eit brev datert 12. november 2010 frå Forsvarsdepartementet, heiter det mellom anna:
«Mohammad Nassem ble pågrepet 17. september 2007 kl. 0108 om natten lokal tid, og overlevert til NDS samme natt kl. 0440 lokal tid. Alle personene i huset hvor anholdelsen fant sted, ble tatt under kontroll uten noen som helst form for maktbruk. Mohammad Naseem var rolig både i huset og under transporten for overlevering til NDS, og fulgte instruksjonene fra de norske styrkene. Han samarbeidet hele tiden. Angjeldende norske styrker opplyser at det ikke ble brukt noen form for makt mot vedkommende. Taktisk utspørring av Naseem ble heller ikke gjennomført i og med at tolk ikke var tilgjengelig under operasjonen.»