Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1939 (2022-2023)
Innlevert: 12.04.2023
Sendt: 13.04.2023
Besvart: 19.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forsøke å gje oss alle innbyggjarar og næringslivet i heile Møre og Romsdal ei logisk og "fagleg forankra" forklaring, - på korleis det kan være mulig at fagetaten Statens vegvesen har foreslått at begge dei to viktige exportvegane RV 15 og E39/E136 i eit av landets viktigaste næringsfylker Møre og Romsdal, er foreslått teken heilt ut av NTP?

Begrunnelse

Regjeringspartia Sp og Ap samt SV stemte imot eit dok. 8 forslag sist år om å sikre oppstart av Rv 15 Strynefjellet med arm til geiranger i fyrste 6 årsperioden av NTP.
Etter dette har både leiaren av transportkomiteen og andre frå regjeringspartia bedyra at RV 15 Strynefjellet skulle planleggjast vidare og prioriterast.
Statens vegvesen har også snakka varmt om kor mykje dei skulle planlegge dette prosjektet, og bedyra at her skulle det ikkje stå på det nei.
Statens vegvesen har som for dette prosjektet, jammen også ytra fram offensive vyar om planlegging som i realiteten har blitt til mangel og fråvær for planlegging av til dømes E-136 "exportvegen" mellom Ålesund og Bjorli.
No ser det ut for at RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger får same skjebna frå Statens vegvesen som E-136 har fått, og blir no foreslått kutta heilt ut og teken ut av NTP.
-ikkje utsatt, men teken heilt ut av NTP foreslått av fagetaten Statens vegvesen!
Det var vist også så viktig å kome raskt i gang med kommunedelplan og regulering av arm til Geiranger, noko som no verkar svært så nyttelaust.
Ganske fantastisk av same fagetaten som rett og slett har forført dei fleste ikring dette prosjektet også, for så å foreslå dette skrinlagt for godt.
Møre og Romsdal er eit av landets største exportfylke og næringsfylker, og har såleis store behov for nødvendige vegar ut og inn av fylket.
Dei to viktigaste export og næringsvegane ut av fylket er E-136 Ålesund-Bjorli, og akkurat ja, RV 15 Strynefjellet.
Merkeleg nok og heller skandaløst "fagleg forkasteleg", er begge desse vegstrekningane foreslått teken heilt ut av NTP.
Korleis "fagetaten" Statens vegvesen faktisk tenkjer dette er uvist, men kanskje samferdselsministeren kan hjelpe til med å få oss alle samt næringslivet i heile Møre og Romsdal fylke, til å forstå at desse to exportvegane er tekne ut av NTP av Statens vegvesen region midt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Stortingsmelding om Nasjonal transportplan 2025-2036 skal leggjast fram våren 2024. Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet gav transportverksemdene i oppdrag å prioritere midlar innanfor gitte rammar som grunnlag for Nasjonal transportplan 2025-2036. Verksemdene sine svar på oppdraget inkludert fagleg grunngjeving blei oversendt Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet rett før påske og departementa er no i gong med å vurdere leveransen, som og er tilgjengeleg på https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/ntp-20252036-prioriteringsoppdrag-svar-fra-transportvirksomhetene/id2969831/. Verksemdene sine svar på oppdraget er på høyring fram til 3. juli 2023. Eg understrekar at dette er verksemdene sine forslag til prioritering og er ikkje det same som at prosjektet vil bli prioritert eller ikkje i komande Nasjonal transportplan.