Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1830 (2022-2023) Innlevert: 27.03.2023 Sendt: 27.03.2023 Besvart: 12.04.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa Solberg og Næringsminister Iselin Nybø (V) foreslo i 2021 å la ei forsterka norsk eksportsatsing bli leia frå Vestlandet gjennom oppretting av Eksportstrategirådet i Ålesund. Ap/Sp-regjeringa skrinla i mars 2022 denne planen og bestemte at eksportarbeidet skal leiast frå Oslo. Til gjengjeld lovde Næringsministeren å bygge opp «et kraftig eksportorientert miljø i Ålesund» med m a 10 nye stillingar i Innovasjon Norge.Kva er status på oppbygginga av dette «kraftige eksportorienterte miljøet" i Ålesund 1 år etter?
Jan Christian Vestre: Eit hovudmål for nærings- og omstillingspolitikken er å auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. Ålesund, Sunnmøre og resten av Vestlandet vil ha ei viktig rolle i arbeidet med å realisere dette målet. Kysten av Vestlandet står difor sentralt i eksportreforma «Hele Norge eksporterer». Vi har dårleg tid og må kome så raskt som mogeleg til målet.Solberg-regjeringa sitt svar på utfordringane var å opprette enda ein offentleg etat. Vi har allereie 17 ulike næringsretta verkemiddelaktørar som i 2016 hadde over 180 verkemiddel i aktiv bruk. Dei gjer ein god jobb, men i møta mine med næringslivet får eg tilbakemelding om at vi må forenkle verkemiddelapparatet, ikkje gjere det meir komplisert. Dette er grunnen til at vi lanserte «Ei dør inn», slik at alle bedrifter har ein stad å vende seg ved spørsmål for å få hjelp vidare. Vi er også i gang med eit større prosjekt for å forenkle. Målet mitt er at verkemidla skal vere effektive, tilgjengelege og at dei skal føre til størst mogeleg verdiskaping i næringslivet, ikkje mest mogeleg offentleg byråkrati.Å opprette ein ny etat og få han til å fungere godt, tek minst 3-5 år. I tillegg er det kostnadskrevjande: rekneskapssystem, HR-system, eigen administrasjon, eigne logoar, nettsider med meir. Den tida har kanskje ei regjering som meiner at det ikkje er eit mål i seg sjølv å auke eksporten, men eg er utolmodig og kan ikkje vente på dette. Som del av eksportreforma «Hele Norge eksporterer» har regjeringa saman med næringslivet og partane i arbeidslivet utvikla ein ny offentleg privat eksportmodell som eg meiner vil ta oss raskare til målet. Reforma og eksportmodellen, medrekna reverseringa av opprettinga av ein ny offentleg etat, er støtta av både LO og NHO.Som del av Hele Norge eksporterer oppretta regjeringa Nasjonalt eksportråd, som skal gi innspel til større eksportfremmesatsingar òg gi regjeringa råd om strategisk innretning på eksportarbeidet. Det er allereie vedteke at dei to første eksportsatsingane skal vere på havvind og meir og grønare maritim eksport. Satsingane vil vere særleg relevante for næringslivet langs kysten av Vestlandet. I tillegg har Innovasjon Norge allereie fått i oppdrag å utvikle og forvalte ei ordning for norsk næringsliv om støtte til å delta på messer og felles eksportinitiativ samt eit oppdrag om å utvikle eit nytt merkevareprogram «Made in Norway» for å bidra til å auke betalingsviljen for norske produkt og tenester. Dette er ordningar som mellom anna har vore sterkt etterspurt av ferdigvareindustrien på Sunnmøre i fleire år. Gjennom Hele Norge eksporterer vil Innovasjon Norge få fleire eksportoppdrag i form av å skulle gjennomføre større eksportsatsingar. Regjeringa er i gang med å utforme og konkretisere oppdraga. Innovasjon Norge har i denne samanheng bekrefta at selskapet over tid vil etablere ti arbeidsplassar ved kontoret i Ålesund. Per i dag har Innovasjon Norge to årsverk dedikert til eksport og internasjonal vekst i Ålesund. Ein av desse er nyleg tilsett som fagansvarleg for Grøn Maritim Eksport, for å forberede den strategiske eksportsatsinga på området. I tillegg til at Innovasjon Norge har styrkt kompetansen sin på eksport i Ålesund, har Eksportfinansiering Norge (Eksfin) styrkt bemanninga si ved kontoret i Ålesund frå eit til to årsverk. Til saman vil desse endringane leggje til rette for at Ålesund blir ein endå viktigare spydspiss i eksportarbeidet framover.Innovasjon Norge vil gjennom Hele Norge eksporterer få fleire oppdrag innan eksport i løpet av 2023 som vil kunne tillate ei ytterlegare styrking av eksportmiljøet i Ålesund. Når oppdraga på eksportfremmesatsingar er gitt Innovasjon Norge er det Innovasjon Norge som selskap som har ansvaret for eiga organisering og forvaltninga av oppdraget til regjeringa. Vidare må framdrifta av tilsette også bli sett i samanheng med at Innovasjon Norge står midt i ein omstillingsprosess. Som ledd i denne prosessen planlegg selskapet også å styrke kompetansemiljøa sine i andre delar av landet.