Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1673 (2022-2023)
Innlevert: 15.03.2023
Sendt: 15.03.2023
Besvart: 22.03.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil regjeringa gjere for å sikre full norsk deltaking i EU sitt nye satellitt-kommunikasjonsprogram Iris2 raskast råd, og er statsråden samd i at Iris2 er eit godt døme på at EØS-medlemskap ikkje lenger er tilstrekkeleg for å sikre viktige norske næringsinteresser andsynes EU og dermed er med å aktualisere debatten om tettare norsk tilknyting til EU i ei ny tryggleikspolitisk tid for Europa?

Begrunnelse

EU er i ferd med etablere eit nytt system for sikker satelittkommunikasjon for Europa, der målet er å lage eit sikkert system for å bere alle samfunnskritiske data i Europa med omfattande teknologiutvikling og leveransar av teknologisystem som del av satsinga (Iris2: Infrastructure for Resilience, Interconnectivity and Security by Satelite). Systemet skal gjere Europa meir uavhengig av amerikanske satelittar, og vil m a bli svært viktig for maritim overvaking og Arktis.
Det bør vere eit sjølvsagt mål at Noreg skal delta fullt ut i ei så viktig felles europeisk satsing på felles samfunnstryggleik. Så langt er likevel Noreg ikkje inne i Iris2, på grunn av vårt utanforskap i EU og at EØS-avtalen ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å krevje full deltaking i Iris2.
Dette kan ha alvorlege konsekvensar både for framtidig norsk samfunnstryggleik og for norsk næringsliv som i dag er sterke på satelitteknologi, men no står i fare for å bli stengde ute av den største felles satellitt-teknologisatsinga i Europa nokon sinne.
Så lenge Senterpartiet sit i regjering, antar eg at situasjonen ikkje kan løysast av næringsministeren gjennom eit tettare samarbeid med EU, sidan regjeringserklæringa berre snakkar om å utgreie modellar for lausare tilknyting til EU enn i dag.
Det er difor viktig å vite kva næringsministeren vil gjere for å sikre Noreg full deltaking i Iris2, trass i at vi ikkje får tilgang gjennom EØS-avtalen og Senterpartiet blokkerer for eit nærare samarbeid med EU på generelt grunnlag.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: EU sitt nye romprogram Secure Connectivity, som ofte blir omtalt som IRIS2, vart vedteke 7. mars 2023. Deltaking kan ha mykje å seie for Forsvaret og samfunnstryggleik og beredskap generelt, og for norsk romindustri. EU har førebels ikkje avklart alle premiss for deltaking for EØS/EFTA-landa og tredjeland. Dette gjeld mellom anna forhold som tryggingsreglar, finansiering, tilknytingsform og moglegheita til å delta i styrande organ som komitear. Desse forholda utforskar vi no i dialog med EU. Det finst førebels ikkje noko forhandlingsmandat på EU-sida, som vil vere ein føresetnad for formelle forhandlingar. Likevel er signala frå EU positive med omsyn til norsk deltaking. Det er òg signalisert at forhandlingar med Noreg skal prioriterast.
Programmet gjeld fleire samfunnsområde. Nærings- og fiskeridepartementet har difor tatt initiativ til eit samarbeid mellom relevante departement og etatar for å vurdere kostnader, nytte og prosess knytt til ei eventuell deltaking. Departementet har òg vore i dialog med næringslivet om moglegheiter og utfordringar knytt til programmet.
Regjeringa legg EØS-avtalen til grunn for samarbeidet med EU. Som varsla i Hurdalsplattformen har regjeringa òg nedsett eit utval som skal vurdere erfaringane frå EØS-samarbeidet dei siste ti åra. Utvalet skal levere rapporten sin ved årsskiftet.