Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1552 (2022-2023)
Innlevert: 02.03.2023
Sendt: 02.03.2023
Besvart: 08.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva trur Kommunal- og distriktsministeren er viktigast for folk og næringsliv i Møre og Romsdal og andre kystfylke, reelle fylkesvegferjer, som ein må betale billett for men som går i rutetrafikk – eller imaginære fylkesvegferjer som i prinsippet er gratis, men ligg til kai i staden for å frakte folk og bilar over fjorden?

Begrunnelse

Møre og Romsdal fylkeskommune varslar no massive kutt i ferjetilbodet på dei aller fleste fylkesvegferjestrekningane, som følgjer av dårlegare fylkesøkonomi. Fylket seier sjølv at kutta er dramatiske, og vil gå ut over både næringsliv, jobbpendlarar og born og unge i distrikta sine høve til å delta i fritidsaktivitetar på line med andre.
Kuttet som no i fyrste omgang blir varsla i Møre og Romsdal er 200 millionar kroner, som er nøyaktig same sum som kommunalministeren no vil bruke ekstraordinært på å splitte opp Ålesund og gjenopprette ei gammal kommune.
Samtidig har Støre-regjeringa brukt store beløp på å gjere ferjestrekningane det no blir kutta i ruter på, gratis. Det var då sagt at dette skulle vere ei reell styrking av økonomien til fylka for å tilby både gode og gratis ferjetilbod. No ser vi at dette ikkje er tilfelle: Ferjene har blitt gratis – men dei vil samtidig gå sjeldnare enn før. Etter underteikna og Venstre sitt syn er dette totalt feil prioritering.
Det viktigaste må etter underteikna og Venstre sitt syn vere at ferjene går – og at det er gode rutetilbod i distrikta i størst mogleg del av døgnet. Om ein har råd til å gjere dei gratis i tillegg er sjølvsagt det kjekt – men det framstår som dårleg distriktspolitikk å la folk og næringsliv på kysten få færre ferjeruter, sjølv om desse hadde vore aldri så billige å reise med dersom dei enno hadde gått.
Eg vonar difor at kommunal- og distriktsministeren opnar for at Møre og Romsdal og andre kystfylke kan flytte pengar frå å gjere ferjene gratis til å halde oppe dei rutene som er nødvendige for eit godt kvardagsliv og blømande næringsliv i distrikta.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Ferjene langs kysten er høgst reelle og eg håpar sjølvsagt at fylka klarar å oppretthalde eit best mogeleg ferjetilbod. Ferjene kan imidlertid ikkje finansierast med imaginære (ikkje-eksisterande) midlar frå Venstre. Det er rett at Venstre ikkje prioriterte reduserte ferjeprisar i sitt alternative budsjett for 2023. Men Venstre prioriterte ikkje å nytte desse midlane til styrking av fylka sin økonomi. I staden kutta partiet nær 130 mill. kroner i fylka sin økonomi som følgje av deira motstand mot lågare ferjeprisar. I tillegg føreslo ein å kutta ytterlegare 42,9 mill. kroner i overføringane til fylka som fylgje av at ein ikkje ville kompensere fylka for auka CO2-avgift slik regjeringa la opp til. I staden føreslo partiet ein auke i CO2-avgifta på 25 pst. frå 2022, som ville ført til ei enno større ekstrarekning for fylka. Desse kostnadane ville vore høgst reelle dersom Venstre hadde fått gjennomslag for sitt alternative budsjett for 2023 og fylka måtte anten føretatt ytterlegare kutt i ferjetilbod eller andre tenester for å få budsjetta sine til å gå i hop. For til sjuande og sist er det fylka som må prioritere midlane dei i sum får i såkalla frie inntekter til ulike formål. Utgifter til fylkeskommunal ferjedrift vert dekt av slike inntekter. Frie inntekter er midlar som fylkeskommunane kan rå fritt over, utan andre føringar frå staten enn gjeldande lover og reglar. Det er fylkeskommunane, som sjølvstendige forvaltningsorgan, som bestemmer lokalt ferjetilbod etter lokale prioriteringar.
Det er òg fylkeskommunane som avgjer om det skal innførast gratis ferjer i fylkeskommunale ferjesamband. Stortinget har løyvd midlar til fylkeskommunane, som legg til rette for at fylkeskommunane kan innføre gratis ferjer i alle fylkeskommunale ferjesamband med under 100 000 passasjerar. Løyvinga legg i tillegg til rette for gratis ferjer til øyar og samfunn utan veg til fastlandet i samband med meir enn 100 000 reisande. Midlane er gitt med ei særskilt fordeling (såkalla tabell C) i 2023, og er ein del av rammetilskotet som fylkeskommunane kan disponere fritt.
Vi er i ein spesiell økonomisk situasjon med ekstraordinær høg kostnadsvekst, stramme budsjett og stor uvisse. Regjeringa har varsla at det fram mot revidert nasjonalbudsjett 2023 vil bli arbeidd med ei pris- og lønnsjustering av statsbudsjettet for 2023 som vil motverke den ekstraordinære kostnadsveksten i år. Det vil òg bli gjort ei samla vurdering av økonomien til kommunesektoren i samband med revidert nasjonalbudsjett.
Elles merkar eg meg at representanten tek opp spørsmålet om kostnader ved endring av kommunestruktur. Det er ei ærleg sak at Venstre saman med sine samarbeidspartnarar i Høgre, Frp og KrF valde å prioritere milliardar av kroner på samanslåing av kommunar og fylke, i mange tilfelle mot den lokale folkeviljen. Men når folk i Haram vil ha kommunen sin tilbake, som dei vart fråtatt av Venstre med tvang, så skal dei plutseleg bli gitt ansvar for kutt i ferjetilbod i fylket sitt. Dette er sjølvsagt heilt urimeleg. Det beløpet som representanten syner til i delingskostnader er for øvrig eingongskostnader, medan kostnaden ved ferjedrifta er årlege kostnader.