Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:570 (2022-2023)
Innlevert: 30.11.2022
Sendt: 30.11.2022
Besvart: 07.12.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kva konsekvensane kan bli for Nye Veier AS, ved at regjeringa i forliket med SV kuttar overføringane til Nye Veier AS med 900 mill. kr for 2023?

Begrunnelse

Regjeringen i budsjettforliket med SV ser ut til å ha kutta 900 mill. kr i budsjettet til Nye veier AS.
Nye Veier as har sjølvsagt same utfordringane med skyhøg prisvekst innan bygg og anlegg som resten av næringa, og trenger sårt kvar ei krone for å kunne gjennomføre dei tiltenkte prosjekta som er klare til bygging.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Budsjettforliket for statsbudsjettet 2023 mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti blei klart 29. november 2022. Av avtalen kjem det fram at driftskredittordninga til Nye Veier er redusert med 900 mill. kroner. Dette er ikkje det same som dei ordinære overføringane til selskapet, som blir løyvd på kap. 1321 Nye Veier AS, post 70 Tilskot til Nye Veier AS.
I Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 gjorde regjeringa Solberg framlegg om at Fellesprosjektet Ringeriksbana og E16 Høgkastet–Hønefoss skulle overførast til Nye Veier AS, jf. Innst. 600 S (2020–2021). I proposisjonen kjem det fram at regjeringa Solberg la opp til at vederlaget som Nye Veier skal få for prosjektet skal kome som eit tillegg til det faste, årlege vederlaget til selskapet som blir løyvd over kap. 1321, post 70.
Driftskreditten til selskapet blei løyvd med 1 mrd. kroner i samband med Stortinget si handsaming av Prop. 2 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet (driftskreditt til Nye Veier AS og kostnadsrammer) og revisjon av bompengepakke (fylkesveg), jf. Innst. 79 S (2021–2022) og er utelukkande knytta til selskapet sitt arbeid med Ringeriksbana, som er ein del av fellesprosjektet Ringeriksbana og E16 Skaret–Høgkastet–Hønefoss. I store prosjekt som Ringeriksbana kan det oppstå betydelege svingingar i behovet for løyvingar undervegs i gjennomføringsfasen. Driftskredittordninga skal bidra til at selskapet har tilstrekkeleg likviditet til å handtere løpande utbetalingar i gjennomføringsfasen og må betalast tilbake i løpet av 12 månader. Dette gir Nye Veier tilsvarande fleksibilitet på baneprosjektet som dei har i vegprosjekt, der dei har moglegheit til å trekke på bompengelån. Driftskreditten blei i tråd med det som er opplyst i Prop. 2 S (2021–2022) sett inn på ein ikkje-renteberande konto i Norges Bank til det er bruk for han. Ein reduksjon av driftskreditten påverkar ikkje dei andre prosjekta til Nye Veier.