Ingrid Fiskaa (SV): Vurderer regjeringa framleis EUs minstelønnsdirektiv som ikkje EØS-relevant – kvifor, eller kvifor ikkje?
Begrunnelse
EUs ministerråd og EU-parlamentet blei 7. juni einige om utforminga av minstelønnsdirektivet. Rådet vedtok så direktivet 16. juni. Det er venta endeleg vedtak i EU-parlamentet i september, med komitébehandling i juli.
Direktivet slår fast at minstelønn må innførast dersom tariffdekninga på arbeidsmarknaden er under 80 prosent i eit land over eit visst tidsrom. I Noreg er tariffdekninga 69 prosent (2017), med store forskjellar mellom privat og offentleg sektor.
Nordisk fagrørsle er bastant mot direktivet fordi det grip inn i lønnsdanninga og bryt med den nordiske modellen der arbeidslivets partar fastset lønn i forhandlingar. Sverige og Danmark har markert motstand mot direktivet i EU, men er blitt overkøyrt.
Både den førre og den noverande regjeringa har tidlegare gitt uttrykk for at direktivet ikkje er EØS-relevant. I Arbeids- og inkluderingsdepartementets EØS-notat frå 26. mai 2021 heiter det:
«En foreløpig vurdering tilsier at direktivforslaget ikke faller innenfor EØS-avtalens saklige og geografiske virkeområde slik det er definert i EØS-avtalens hoveddel med tilhørende vedlegg og protokoller. Den foreløpige vurderingen innebærer at Norge ikke vil være forpliktet til å innlemme rettsakten. Den rettslige vurderingen av EØS-relevans vil ferdigstilles når den endelige rettsakten foreligger.»