Alfred Jens Bjørlo (V): Kva konkret er det som har endra seg mellom 12. mai og 6. juni i år som gjer at regjeringa no likevel ikkje vil utsetje bygginga av Ocean Space Center, og korleis vil regjeringa finansiere det ekstra løyvingsbehovet dette utløyser i 2022 utan å auke oljepengebruken?
Begrunnelse
Regjeringa foreslo i Revidert Nasjonalbudsjett 12. mai å utsetje bygginga av Ocean Space Center i Trondheim, eitt av verdas mest avanserte anlegg for forsking og undervising knytt til havet og havnæringane. I ein pressekonferanse 6. juni varslar regjeringa at dei har endra syn i saka, og no vil bygge Ocean Space Center likevel og løyve midlar til prosjektet utover det som ligg inne i RNB 2022. I følge Fiskeriministeren er bakgrunnen for dette at regjeringa har «iverksatt tiltak for å sikre kostnadskontroll» og at «vi kan få til en styring av prosjektet».