Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:2143 (2021-2022)
Innlevert: 24.05.2022
Sendt: 24.05.2022
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 30.05.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vurderer finansministeren som mest og minst jålete og dekadent av dei tre store statlege byggeprosjekta Ocean Space Center, samlokalisering av NTNU og tunge investeringar i auka tryggleik i samband med bygging av nytt regjeringskvartal i kjølvatnet av terrorhandlingane 22. juli 2011?

Begrunnelse

Spørsmålet syner til intervju med Finansministeren i NRK Politisk Kvarter 23/5.
Jålete er i Bokmålsordboka definert som "Tilgjort, narraktig, forfengeleg".
Dekadent er i Bokmålsordboka definert som "Moralsk forfallen, livstrøtt", og spring ut av ordet dekadanse, definert som noko som går i "oppløsning på grunn av overdreven forfinelse".

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg meiner vi må vere meir nøkterne i bruk av offentlege midlar i statlege byggeprosjekt.
Regjeringa har i RNB for 2022 (Meld. St. 2 (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022)) varsla ein gjennomgang av byggeprosjekt i statleg sivil sektor med mål om å redusere kostnadar og unngå ytterlegare press i norsk økonomi. Statens samla investeringar på dette området har auka over fleire år, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med andre land.
Samtidig har det vore ein heilt ekstraordinær prisvekst i byggemateriale som betong, treverk og stål. Dette gjer det vanskelegare å ha byggekostnadane under kontroll.
Vi veit at det vil bli mindre handlingsrom i budsjetta i åra som kjem. Det vil derfor vere nødvendig å nedskalere og utsette enkelte byggeprosjekt som er særleg store og kostbare. I komande prosjekt vil denne regjeringa legge vekt på å utgreie behova betre og prioritere dei viktigste behova først.