Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1428 (2021-2022)
Innlevert: 02.03.2022
Sendt: 02.03.2022
Besvart: 08.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren greie ut kva planen er for snarleg planlegging og utbygging av nytt veibustkryss på E39 mellom Vegsund og Breivika i Møre og Romsdal?

Begrunnelse

Veibustkrysset på E39 mellom Vegsund-Breivika i Møre og Romsdal er av landsdelens verste ulykkesområde. Krysset er også tilkomstveg for mange svært store bedrifter og trafikken inn frå dette industri og boligområdet er svært stor, og med mykje tungbil.
Trafikken på E39 forbi Veibustkrysset ligg på over 11000 bilar i døgnet, og den er aukande. Gjennom dette området på E39 kjem også trafikken i puljevis frå dei store ferjestrekningane mellom Festøy- Solavågen og Hareid- Sulesund. Dette gjer at det omlag er umulig å kome seg inn på vegen for næringslivet i området, som er milliardbedrifter. I mange år har ein holde på med ulike planar for utbetring og nybygg av Veibustkrysset. statens vegvesen har ikkje akkurat vore framoverlent i denne saka, og det er åpenbart forbetringspotensiale her. Det er sett av minder beløp for utbetring av krysset, utan at dette har vore tilstrekkeleg.
Ny E39 mellom Vegsund og Breivika/Moa, har blitt teke ut av NTP som er eit område med døgntrafikk på over 20000 bilar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: E39 Veibustkrysset i Sula kommune sør for Ålesund har høg og aukande trafikk. Dette gjer det utfordrande å ha tilstrekkeleg trafikktryggleik med dagens løysing. Det gjer det også utfordrande å sikre god framkomst for næringslivet sine transportar. Dagens kryssløysing hindrar vidare utvikling av industriområdet på Veibust.
Det vart i statsbudsjettet for 2021, jf. Innst. 13 S (2020-2021), løyva 5 mill. kr til planlegging av krysset. Statens vegvesen held, saman med Sula kommune, no på å utarbeide reguleringsplan for krysset. Det er eit mål at reguleringsplan skal bli vedteken i løpet av 2022.
Statens vegvesen har i sin gjennomføringsplan 2022-2027 prioritert midlar til utbetring av krysset. Gjennomføringsplanen vert revidert kvart år. Tidspunkt for oppstart av prosjektet vil bli avklart gjennom denne rulleringa og dei årlege statsbudsjetta.