Ingrid Fiskaa (SV): Evenes flyplass er omkransa av svært verdifull natur og verneområde med vassdrag der det er påvist ei lang rekke raudlista artar. Likevel har Statsforvaltaren i Nordland gitt løyve til å auka utsleppa av miljøgifter.
Er statsråden einig i statsforvaltarens vurdering av at det er forsvarleg å auka utsleppa av miljøgifter i verneområda rundt Evenes flyplass?
Begrunnelse
Stortingsfleirtalet har bestemt å gjera Evenes til ny base både for nye F-35 kampfly og nye maritime overvakingsfly P-8, i tillegg til at det frå før er ei sivil lufthamn. Til dette krevst meir areal og meir behov for vintervedlikehald av flya. Statsforvaltaren i Nordland har no gitt løyve til å bruka større mengder kjemikaliar til avising av fly og banesystem.
Frå dagens ramme på 120 000 liter glykol til, skal ramma aukast til 180 000 liter. Bruken av formiat kan aukast frå 35 000 kilo til 65 000 kilo.
Rundt Evenes ligg ikkje mindre enn fem naturreservat. Ei lang rekke raudlista artar finst i vassdraga rundt, og Statsforvaltaren innrømmer at det er usikkert korleis desse vassdraga vil bli påverka av kjemikalia. Naturvernforbundet fryktar at det kan gå hardt ut over naturen rundt flyplassen.