Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1145 (2021-2022)
Innlevert: 04.02.2022
Sendt: 04.02.2022
Besvart: 11.02.2022 av forsvarsminister Odd Roger Enoksen

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva for driftskonsept for teknisk vedlikehald blir vurdert for maritime overvakingsfly P-8 på Evenes, blir private aktørar vurdert, som for eksempel Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAMS), og i kva grad er i så fall ulike modellar greia ut?

Begrunnelse

Første leveranse av nye maritime overvakingsfly P-8 skal etter planen skje i februar, og stortingsfleirtalet har vedtatt å flytta basen for overvakingsflya frå Andøya til Evenes. I samband med dette har eg fått spørsmål om planane for det tekniske vedlikehaldet, inkludert det operative vedlikehaldet.
Luftforsvaret utfører i dag alt operativt vedlikehald sjølv, medan delar av det tyngre og sjeldnare vedlikehaldet er sett ut til private aktørar gjennom såkalla strategiske avtalar. Grunngivinga for modellen der det operative vedlikehaldet skjer av Forsvarets eigne tilsette er mellom anna omsynet til beredskap i tilfelle krigssituasjonar, behovet for å ha eigen kompetanse i kritisk viktige funksjonar og forholdet til krigens folkerett. Personell som opererer inne på ein militær flystasjon vil vera legitime mål, og på militære oppdrag vil det vera behov for å ha med seg teknisk personell.
I Hurdalsplattformen seier regjeringa at ein vil «Gå gjennom Forsvarets samarbeid med private aktørar, med omsyn til blant anna sikkerheit, beredskap, kompetanse og krigens folkerett.» Regjeringa gir her inntrykk av at ein tar dei nemnde utfordringane på alvor.
Ei eventuell privatisering av det operative vedlikehaldet vil vera eit brot med norsk forsvarspolitisk tradisjon, utan at det har vore ein offentleg debatt eller blitt gjort politiske vedtak som avklarer dei prinsipielle spørsmåla dette reiser.
Regjeringa har også lova å ta reinhaldet inn igjen i Forsvarets eigen regi, noko som uttrykkjer ei generelt skeptisk haldning til privatisering av arbeidsplassane i Forsvaret.
Teknisk bransje i Luftforsvaret består av mange tilsette med verdifull kompetanse som kan gå tapt i tilfelle tenestene blir privatisert. På Andøya og Bodø er det i dag mellom 60 og 70 tilsette som risikerer få arbeidsplassane sine nedlagt.
Eit ofte brukt argument for privatisering er at det skal gjera tenestene billegare. Eit eventuelt kjøp av alt teknisk vedlikehald inkludert døgnkontinuerleg beredskap vil tvert imot kunna bli svært kostbart for Forsvaret.
På denne bakgrunnen er det viktig å få avklart om regjeringa faktisk vurderer ei privatisering av alt teknisk vedlikehald på maritime overvakingsfly, og om ein i så fall har kartlagt og vurdert fordelar og ulemper med ulike modellar.

Odd Roger Enoksen (Sp)

Svar

Odd Roger Enoksen: Forsvaret, støtta av Forsvarsmateriell, arbeider framleis med den langsiktige planen for organisering av militært flyvedlikehald i Noreg. Dette inkluderer maritime patruljefly P-8. Sivile leverandører har allereie utført delar av denne typen vedlikehald for Forsvaret i fleire tiår. Fram mot 2030 vil Luftforsvaret byte ut store delar av flåten av fly og helikopter. I samanheng med dette er det no naturleg å sjå på denne bruken på nytt. Med ny teknologi kjem både nye høve og behov som vi må ta omsyn til. P-8 er eit godt døme på dette. Svært mange av delane i flyet er dei same som på ein sivil Boeing 737NG.
Det vil vera sivile aktørar, som til dømes Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAMS), involvert i vedlikehaldet av P-8. Slik har det også vore for andre flytypar i lang tid. Mellom anna har KAMS lenge stått for alt tungt vedlikehald av F-16. I 2019 underteikna Forsvaret ein strategisk samarbeidsavtale med KAMS om drift og beredskap innan kapasitetane Forsvaret har i Luftforsvaret i heile konfliktspennet. Føremålet med avtalen er å bidra til Forsvaret si operative evne og beredskap i eit levetidsperspektiv gjennom robuste og kostnadseffektive løysningar. Det som no er til vurdering er i kva grad nasjonal industri skal involverast på Forsvaret sine nye flytypar, også på P-8.
I den pågåande utreiinga av nytt vedlikehaldskonsept for P-8 ser Forsvaret på ei rekkje ulike modellar. Målet er å finne ein langsiktig og berekraftig vedlikehaldsmodell som nyttar både militær og sivil kompetanse for å løyse oppdraga på best mogleg vis. Kjerna er å finne den mest berekraftige balansen mellom militært og sivilt vedlikehald. Vi skal komplettere Forsvaret sin eigen kompetanse for å auke det operative utbytet. Noko vedlikehald skal framleis vera i Forsvaret sin regi, medan anna vedlikehald vert levert av sivile leverandørar. Slik skal vi sikre nasjonal vedlikehaldskompetanse i Noreg for å styrke beredskapen og ta hand om nasjonale tryggingsinteresser. Personellet sine rettar og vern etter krigens folkerett er også ein sentral del av desse vurderingane.
Forsvarsmateriell har inngått ein avtale med Boeing om støtte i startfasen fram til Forsvaret er klare til å drifte flya sjølv. Dette er kjent som eit «site activation team» og inneber at Boeing i startsfasen både utfører vedlikehald og trenar norsk vedlikehaldspersonell.
Regjeringa er opptatt av at eit framtidig vedlikehaldskonsept for P-8 utnyttar nasjonale ressursar best mogleg. Slik sikrar vi at Forsvaret har ein beredskap som tar hand om nasjonale tryggingsinteresser gjennom å utvikle nasjonal vedlikehaldskompetanse på P-8 i Noreg. Forsvaret sitt personell vil vera ei sentral del av dette konseptet.