Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:880 (2021-2022)
Innlevert: 12.01.2022
Sendt: 12.01.2022
Besvart: 19.01.2022 av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa snarast råd kome med økonomiske støtteordningar til kulturaktørar, frivillige lag og ideelle organisasjonar som eig og driv kulturbygg og idrettsanlegg, og som slit med store ekstra kostnader som følgje av ekstraordinært høge straumprisar?

Begrunnelse

Kulturlivet, idrettslag og andre frivillige organisasjonar fell utanfor alle støtteordningar regjeringa så langt har innført for å avhjelpe straumkrisa.
Mange små og store aktørar i kulturliv, idrett og frivillig arbeid elles eig bygg og anlegg der dei driv sin aktivitet. Dei har no store ekstra utgifter til straum som ikkje er råd å dekke innanfor knappe driftsbudsjett, stort sett finansiert av dugnad.
Norges Idrettsforbund har prøvd å ta opp saka med regjeringa, men opplever å bli ein «kasteball» mellom ulike departement og får ikkje klare svar attende. Frivillighet Norge har også teke opp saka med Kulturdepartementet. Seinast i går sende Askøy kommune og kulturaktørar på Askøy eit «nødrop» til regjeringa om saka. Kulturfabrikken på Askøy hadde i desember 2020 ei straumrekning på 17.000 kroner – i desember 2021 var tilsvarande rekning på nær 80.000 kroner. Likevel kjem dei ikkje inn under noko straumstøtte-ordning frå regjeringa.
Venstre, Høgre og Krf foreslo i Stortinget si handsaming av straumpakken til hushaldningane i desember følgjande:

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke konsekvenser de ekstraordinært høye strømprisene har for frivillige og ideelle organisasjoner, og komme tilbake til Stortinget så raskt som mulig med forslag til avbøtende tiltak.»

Framlegget fekk støtte også av Frp og Rødt, men vart røysta ned av Ap, Sp og SV.
Venstre ser det som sterkt beklageleg at regjeringspartia og SV i desember ikkje såg trongen for å hjelpe kulturliv, idrett og frivilligheit med auka straumrekningar. Eg vonar likevel regjeringa kan vurdere denne saka på nytt no når ein brått har funne fleire ekstra milliardar til forbetra støtteordningar til hushaldningane.
Dette hastar. For frivillige lag og organisasjonar som eig og driv bygg i område av landet med ekstraordinært høge straumprisar er situasjonen no kritisk, og støttetiltak må kome raskt.

Anette Trettebergstuen (A)

Svar

Anette Trettebergstuen: Regjeringa varsla 18. januar at det kjem ei eiga straumpakke for frivillige organisasjonar. Tilskotet skal fordelast i kommunane til frivillige lag og foreiningar med uvanleg høge straumprisar. Ordninga skal vere enkel og tilpassa lokale forhold.
Eg vil så snart som råd kome tilbake til Stortinget med eit forslag til løyving for ordninga.