Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:9 (2021-2022)
Innlevert: 11.10.2021
Sendt: 11.10.2021
Besvart: 22.10.2021 av arbeids- og sosialminister Hadia Tajik

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Vil regjeringen sikre at NAVs tilskuddsordning til bil gir mennesker med funksjonsnedsettelser mulighet til å velge elbil, og vil anbudet som skal inngås innen 1. november tilstrebe å innfri kravet om at det offentlige skal velge nullutslippsbiler fra 2022?

Begrunnelse

Fra 2022 skal det offentlige bare kjøpe inn utslippsfrie person- og varebiler. Den nåværende Nav-avtalen for bil i den gruppe 2 løp ut 14. august, etter å ha vart i totalt fire år. Ny avtale skal ifølge NAV inngås innen 1. november. I anbudskonkurransen for det kommende anbudet er det åpnet for elektrisk drift bare for de minste bilene. Regelverket oppleves også diskriminerende for funksjonshemmede som ønsker å kjøre utslippsfritt. Hvis man som rullestolbruker enten er under utdanning eller i jobb, kan man få stønad til bil. Får man innvilget støtte, kan man velge mellom type 1 eller type 2, der type 1 er personbiler, type 2 er kassebiler. Dagens nullutslippsbiler er hovedsakelig personbiler, hvor fullt tilskudd er 160 507 kroner. I praksis kan dette slå negativt ut for de som ønsker å kjøre utslippsfritt. Stortinget har satt en målsetning om at alle nybiler som selges skal være elektrisk innen 2025. Nav er en stor statlig institusjon som dermed også må være forpliktet til å følge opp de tiltak som Stortinget bestemmer i møte med klimakrisen. Målsetningen om nullutslipp bør også gjelde for biler i Nav, for mennesker med funksjonsnedsettelser og med behov for bistand til bilinnkjøp. Utviklingen går raskt, og det er viktig at Nav sikrer seg erfaringer med elektriske biler. Både Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Norsk elbilforening har etterlyst miljøkrav i anbudet. FFO viser til at de har mottatt flere henvendelser fra personer som ønsker å velge utslippsfritt, men som ikke har mulighet til dette i dag.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Det blir gitt stønad til bil over folketrygda som tilskott til ordinære bilar til bruk i arbeid (gruppe 1-bilar) og som rente- og avdragsfrie lån til spesialtilpassa bilar (gruppe 2-bilar) for personar som treng rampe eller heis for å komme inn i bilen eller med sterkt avgrensa gangfunksjon.

Personar som mottek tilskott til gruppe 1-bil kjøper sjølv bilen. Ordinære personbilar er difor ikkje inkluderte i kontraktane som Arbeids- og velferdsetaten skal inngå med leverandørane. Sidan det finst eit stort utval av nullutsleppsbilar, kan dei nytte høvet til å velje ein nullutsleppsbil slik som i befolkninga elles.

Eg er samd i intensjonen bak vedtaket om at det offentlege skal velje nullutsleppsbilar frå 2022. Partia i dagens regjering støtta intensjonane i representantforslag 132 S (2020-2021) under Stortingets handsaming i mai 2021, jf. Innst. 365 S (2020–2021). Dei viste til dåverande statsråden sitt svarbrev og behovet det utløyste for at statsråden skulle følgje opp ovanfor leverandørane, slik at valet av miljøvennleg bil kan bli reelt, også for personar med bilstønad frå det offentlege. Eg må konstatere at dette ikkje har lukkast for den førre statsråden.

Ei forklaring på dette kan vere at det er ei rekkje faktorar som må vere oppfylte før det er mogleg å nytte elbilar som gruppe-2 bilar, då det mellom anna er naudsynt å montere rampe eller heisanordning for at desse bilane skal dekkje behova til brukarane. Ein føresetnad for å kunne bruke nullutsleppsbilar som gruppe 2-bilar er at det finst egna elbilmodellar som kan byggjast om og som har tilstrekkeleg med batterikapasitet.

Eg er kjend med at Arbeids- og velferdsetaten har gjennomført ein grundig prosess for å få på plass ei ny rammeavtale for gruppe 2-bilar. I arbeidet blei det lagt stor vekt på miljøomsyn. I midten av desember 2020 blei tilbodskonkurransen for ny rammeavtale kunngjort. I mai 2020, forut for kunngjeringa av tilbodskonkurransen, publiserte etaten ei rettleiande kunngjering for å gjere leverandørmarknaden merksemd på den kommande anskaffinga. Dette blei gjort for å opprette tidleg dialog med marknaden og for å informere potensielle gjevarar av tilbod om behova til etaten. Det var også dialog om det ville vere mogleg å levere egna nullutsleppsbilar. Verksemdene som deltok i dialogrunden ga tilbakemelding om at det var få tilgjengelege elbilar som ville vere aktuelle i høve til kravspesifikasjonane i den kommande tilbodskonkurransen. Verksemdene ga også tilbakemelding om at det var uvisse om når desse bilane eventuelt ville komme på marknaden og om det ville vere mogleg å gjere naudsynte ombyggingar. Vidare publiserte etaten i midten av oktober 2020 ei tilleggshøyring på miljø. I etterkant av denne prosessen, blei det i tilbodskonkurransen opna for elbilar i to delkontrakter (som gjeld liten bil) på bakgrunn av informasjonen som var henta inn frå leverandørmarknaden. Tilbodskonkurransen blei kunngjort i desember 2020.

Som gjort greie for ovanfor, kan potensielle leverandørar per i dag i liten grad tilby driftssikre mellomstore elbilar som dekkjer behova til personar som treng gruppe 2-bil. Det har difor ikkje latt seg gjere å innfri kravet om val av nullsleppsbilar frå 2022 i kontraktane som Arbeids- og velferdsetaten no skal inngå med leverandørane av gruppe 2-bilar.

Eg viser også til Stortinget sin handsaming i mai 2021 av representantforslag 132 S (2020-2021) frå stortingsrepresentantane Torgeir Knag Fylkesnes, Lars Haltbrekken, Nicholas Wilkinson, Mona Fagerås, Arne Nævra og Eirik Faret Sakariassen om å gi menneske med funksjonsnedsetjingar moglegheit til å velje nullutsleppsbilar i Nav, jf. Innst. 365 S (2020–2021). Eit fleirtal i arbeids- og sosialkomiteen, som bestod av medlemer frå Arbeiderpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, tilrådde at forslaget ikkje blei vedteke. Sjølv om det var brei støtte til intensjonen i forslaget, blei det lagt vekt på at krav til nullutsleppsbilar ikkje måtte gå utover moglegheitene for å kunne gje ein funksjonell bil som dekkjer behova til vedkommande. Samstundes la komiteen til grunn at det skal arbeidast for at val av miljøvennleg bil kan bli eit reelt alternativ også for dei som har behov for gruppe 2-bil.

Elbilteknologien utviklar seg raskt. Eg reknar difor med at det etter kvart i større grad vil vere mogleg å byggje om desse bilane og at batteria vil få større kapasitet. Eg er vidare kjent med at etaten arbeidar aktivt mot leverandørmarknaden med sikte på å bidra til at det blir utvikla elbilar som kan vere egna for brukarer av gruppe 2-bilar. Kontakten med leverandør-marknaden skjer mellom anna i regi av etaten sitt tverrfaglege samarbeidsforum der billeverandørar, verksemder som byggjar om bilar, Statens vegvesen, NBF (Noregs Bilbransjeforbund) og ATL (Autoriserte trafikkskulars landsforbund) deltek.

Den nye rammeavtalen som Arbeids- og velferdsetaten no skal inngå, vil ha ei varigheit på to år med opsjon for forlenging med eitt år inntil to gonger, dvs. til saman inntil fire år. Eg vil be Arbeids- og velferdsetaten om å leggje til rette for at det i staden for å forlengje rammeavtalen etter to år, heller blir vurdert om ein skal inngå ei ny rammeavtale dersom marknaden kan tilby tilstrekkeleg mange nullutsleppsbilar som egnar seg som gruppe 2-bilar.