Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til å halde fram med prosjektet slik at vi kan få meir kunnskap og hjelpe fleire?
Begrunnelse
I avisa Sunnhordland 12. april står det om eit forskningsprosjekt for personar med irritabel tarm. Prosjektet har så langt gode resultat og det framstår derfor merkelig at Helse Vest avsluttar eit prosjekt med gode resultat. Så langt i forskninga er 90 % blei betre etter behandlinga og 50 % heilt friske.
Dette er ei veldig alvorleg liding for eit stor del av befolkninga. Irritabel tarm (IBS) er ein svært smertefull liding som 15 av 100 personar lid av i Norge. Dette er ikkje ein sjukdom ein døyr av, men for mange fører det med så mykje smerter at dei ikkje klarer å stå i jobb. Noko som sjølvsagt blir svært kostbart for samfunnet.