Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1948 (2020-2021)
Innlevert: 16.04.2021
Sendt: 19.04.2021
Besvart: 22.04.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis stiller den norske regjeringa seg til det som utspelar seg og kva konkret gjer forsvarsministeren for å dempe spenningane og hindre at russisk aggresjon kan spreie seg til våre nærområde?

Begrunnelse

Me har dei siste vekene vore vitne til ei svært uheldig utvikling mellom Russland og Ukraina. Me har sitt ein betydelig auke av russiske kapabilitetar på sjølve Krim-halvøya og i grenseområda mellom Ukraina og Russland i regionane Luhansk og Donetsk. Seinast i dag kunne ein lese på NRK.no at fram til oktober stenger Russland Kertsjstredet for utanlandske krigsskip, også ukrainske. Dermed vert det umogleg å segle inn til hamner eller delta i marineøvingar nær frontlinja i Aust-Ukraina. Ukraina viser også til at stenginga skjer samstundes med at Russland sender krigsskip til Kaspihavet og store styrkar til den ukrainske grensa på land. Denne situasjonen er svært spent og ein kan ikkje sjå bort frå at det kan spreie seg til nærliggande statar og områder. Situasjonen kan kome til å tvinge både Noreg å NATO til å måtte ta svært krevjande avgjerder.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Regjeringa er bekymra for den russiske styrkeoppbygginga på Krym-halvøya og langs grensa til Ukraina, samt utviklinga i Azovhavet. Det er urovekkande at den russiske styrkeoppbygginga skjer samstundes med at Ukraina melder om fleire brot på våpenkvila i Aust-Ukraina. Russlands okkupasjon og militarisering av Krym-halvøya, inkludert dei nylege utplasseringane, krenker Ukrainas suverenitet og territoriale integritet ifølgje folkeretten. Noreg har konsistent uttrykt si fulle støtte til Ukrainas suverenitet og territoriale integritet innanfor internasjonalt anerkjente grenser. Russlands utplassering av militære styrkar på eige territorium, nær grensa til Ukraina, er ei bevisst opptrapping av spenningsnivået. Ein slik maktdemonstrasjon bryt med Russlands plikter som deltakarstat i Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE). Åtferda til Russland skaper stor usikkerheit om deira eigne intensjonar.
Noreg står saman med EU og våre allierte i NATO i synet på anneksjonen av Krym i 2014 og destabiliseringa av Aust-Ukraina som ulovleg. Saman med EU og NATO-allierte støttar Noreg Ukrainas suverenitet og territoriale integritet. Vi har slutta opp om EUs restriktive tiltak mot Russland og støttar ein felles europeisk tilnærming for at dei skal ha størst mogleg verknad. Noreg sluttar også opp om alle listeføringane som er del av EUs sanksjonsregime etter Russlands undergraving av Ukrainas sjølvstende og territoriale integritet og for den ulovlege okkupasjonen av Krym.
For å dempe spenninga oppmodar Noreg Russland på det sterkaste til å avstå frå å skape usikkerheit gjennom styrkeoppbygging i regionen. Dessverre har Russland og dei russisk-støtta væpna gruppene gjennom sine nylige handlingar reversert framgangen som ble oppnådd gjennom våpenkvila i Aust-Ukraina som starta 27. juli 2020. Vi oppmodar Russland til å gå tilbake til forhandlingsbordet og i god tru søke ei fredeleg løysing, i første rekke gjennom ei fornya våpenkvile.
Ved å ta tydeleg avstand frå Russlands handlemåte og uttrykke støtte til Ukraina ønsker Noreg og likesinna statar å bidra til å hindre at situasjonen utartar. Noreg har vidare drøfta situasjonen med våre allierte i NATOs råd den 1. april. Saman med dei andre allierte har vi støtta NATOs fellesfråsegn om det uakseptable ved Russlands ulike destabiliserande handlingar. NATO følger situasjonen i og rundt Ukraina tett. Generalsekretær Stoltenberg og ambassadørane i NATOs råd møtte nyleg Ukrainas utanriksminister Kuleba for å få ein oppdatering om situasjonen. I tillegg har Noreg tydeleg markert sitt syn gjennom eigne innlegg i OSSE fleire gonger dei siste vekene. Noreg har delteke i fleire møte om militær risikoreduksjon under OSSEs Wien-dokument for å diskutere situasjonen. Saman med likesinna land oppmodar Noreg også alle partar til å sikre OSSEs observatørar (SMM) uhindra åtgang i tråd med deira mandat.
Når det gjeld risikoen for at spenningane mellom Ukraina og Russland kan spreie seg til norske nærområde, følger vi nøye med. Ei god forståing av situasjonen i nord er avgjerande for norsk sikkerheit og evna vår til å vareta sikkerheit og stabilitet i nord. Russlands forsvarskonsept gjer at vi aldri heilt kan sjå bort frå moglegheita for at spenning i andre område spreier seg til nord. Per i dag ser vi det likevel ikkje som sannsynleg at spenninga spreier seg til nord. For å ivareta sikkerheit til sjøs og hindre uønskt eskalering i nord, har Noreg halde fram med samarbeidet med Russland innan grensevakt, kystvakt og søk og redning. I tillegg er det ei direktelinje mellom Forsvarets operative hovudkvarter og hovudkvarteret i den russiske Nordflåten som er viktig for å kunne hindre uønskte situasjonar.