Kjersti Toppe (Sp): Vil helseministeren sikre at ei utlysning av nye kontraktar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling i opptaksområdet til Helse Midt-Norge RHF blir reservert for ideelle aktørar?
Begrunnelse
I statsbudsjettet er det dei to siste åra slått fast at ideelle aktørar sin del av spesialisthelsetenesta skal doblast. Dette er òg presisert i oppdragsbreva til dei regionale helseføretaka (RHF).
Regjeringa forskriftsfesta i februar 2020 ein heimel for å reservere tingingar av helse- og sosialtenester for ideelle aktørar. Spørsmålsstillar er ikkje kjent med at regionale eller lokale helseføretak har nytta denne heimelen ved noko høve. Velferdstenesteutvalet peika i si utgreiing på at opne anbodskonkurransar i realiteten er konkurransevridande til ulempe for dei ideelle.
RHF-ane står for styring av dei ideelle verksemdene som driv tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Dei inngår og forvaltar mellom anna kontraktar. Helse Nord RHF har nyleg tinga og inngått nye avtalar. Dei gjennomførte ein open konkurranse, som var utforma slik at det var svært vanskeleg for nye, ideelle aktørar å delta. Helse Nord RHF argumenterte med at det ikkje var mange nok ideelle aktørar til at det var mogleg å ha ein reservert konkurranse, jamvel om det var interesse frå aktørar som er etablerte andre stader i landet.
Samhandlinga mellom regionale helseføretak, lokale helseføretak og ideelle aktørar på TSB-området har dei siste åra vore prega av at mange ideelle aktørar har opplevd at helseføretaka ikkje tek omsyn til dei særskilte omstenda deira. Regjeringa har difor presisert at helseføretaka ikkje skal byggje opp konkurrerande tilbod i eigen regi. Ein har òg streva med å løyse andre problem, som uheldige finansielle insentiv som fylgje av Magnussen-modellen. Visse ideelle aktørar har opplevd at deira tilbod ikkje er rekna med når helseføretaka vurderer om «den gyldne regel» er oppfylt, slik at den definerte veksten ikkje skjer hjå ideelle aktørar.
Det er venta at Helse Midt-Norge RHF om kort tid vil anskaffe nye TSB-avtalar. I Midt-Norge er det fleire ideelle aktørar som har godt etablerte og fagleg svært gode tilbod. Det er viktig å styrke samhandlinga mellom helseføretaka og dei aktørane som skal driva, slik at tilbodet til inbyggjarane blir best mogleg.