Liv Signe Navarsete (Sp): Pårørande til tilsette eller til personar som har løyst oppdrag for E-tenesta på 1950- og1960-talet opplever at deira søknad om innsyn i E-tenesta sine arkiv blir avvist på bakgrunn av "etablert praksis knytta til rikets sikkerheit og forsvar av landet", noko som vert opplevd som heilt urimeleg etter så lang tid.
Kva er grunngjevinga for at dei pårørande til tilsette eller personar som har gjennomført oppdrag for E-tenesta ikkje får tilgang til informasjon om sine næraste, sjølv 50-60 år etter at dei er døde?
Begrunnelse
Fleire familiar ar prøvd å få svar på spørsmål kring sine nærmste som arbeidde for E-tenesta på 1950- og 60-talet utan hell. Det er råd å forstå at innsyn til personar som arbeider for E-tenesta i dag eller i nær fortid kan vere sensitiv informasjon som kan avsløre dagens arbeidsmetodar. Men det er vanskeleg å forstå at opplysningar om tilsette som arbeidde i E-tenesta for om lag 60 år sidan skal kunne påverke eller avsløre dagens arbeidsmetodar. Det ser ut som at det i Noreg er svært få generelle retningsliner på dette området. Andre nasjonar har klåre retningsliner for avgradering etter eit fast tal år, som regel 30 år. Andre saker kan ha noko lenger tid, men svært sjeldan over 50 år. Det kan synast som om den norske E-tenesta praktiserer det klårt strengaste regelverket.